Forslag om endra regelverk for Merkur-støtte

Fleire nærbutikkar kan få økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår fleire endringar i Merkur-forskrifta, både når det gjeld krav til årsomsetning og maksimalt støttebeløp. 

statsråd på butikikkbesøk

HÅP: Kommunalminister Monica Mæland fekk spørsmål om støtte då ho besøkte Joker Setskog i fjor. Denne butikken er mellom dei som vil kunne kome inn under støtteordninga med dei endringane som no blir foreslått. 

Forslaget til nytt regelverk for Merkur-støtte er no sendt ut på høyring til Distriktssenteret og Virke, pluss utvalde butikkjeder, kommunar, fylkeskommunar og Merkur-butikkar. Høyringsfristen er sett til 26. juli.  

Eit nytt regelverk kan kome på plass tidleg på hausten. Departementet tar sikte på at endringane skal tre i kraft i løpet av august. Inntil vidare gjeld Merkur-forskrifta som vart innført i 2018. 

Større omsetning 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår følgjande endringar i regelverket: 

Investeringsstøtte: 

  • Grensa for årsomsetning blir heva frå 10 til 13 mill. kr 

  • Maksimalt støttebeløp blir heva frå 400.000 til 600.000 kr 

  • Butikkar med inntil 8 mill. kr i omsetting kan få tilskot med inntil 75 prosent av kostnadene 

  • Butikkar med 8-13 mill. kr i omsetting kan få tilskot med inntil 50 prosent av kostnadene 

Servicestøtte: 

  • Grensa for årsomsetning blir heva frå 3 til 4 mill. kr 

Utviklingsstøtte: 

  • Grensa for årsomsetning blir heva frå 7 til 8 mill. kr, slik at utviklingsstøtta gjeld for butikkar som har 4-8 mill. kr i omsetning

Drivstoffanlegg: 

  • Det blir presisert at ladestasjonar for elbil inngår i støtteordning 

Prisjustering 

Departementet grunngjev endringsforslaga med den allmenne prisutviklinga. Auka byggtekniske – og miljømessige krav er også eit moment.  

Når det gjeld servicestøtte seier departementet at omsetningskravet vart sett vel lågt då ordninga vart innført i 2017. Ein Merkur-butikk med årsomsetning på under 4 mill. kr er framleis ein sårbar daglegvarebutikk.  

Kan bruke skjøn 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier at hovudregelen framleis skal vere at butikkar som får investeringsstøtte, skal ha ein avstand på minst 10 km til næraste alternative innkjøpsstad. 

Men departementet foreslår ei ny formulering i regelverket: «Det kan gjerast særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 km avstand til næraste alternative innkjøpsstad»

I høyringsnotatet blir det presisert at det berre unntaksvis skal bli gitt støtte til butikkar med under 10 km avstand. Men styret får høve til å utøve eit visst skjønn i heilt spesielle tilfelle, det det finst særeigne lokale utfordringar. 

VIL DU DELTA I HØYRINGA? Her er høyringsbrev med departementets forslag til endringar i forskrifta

Oppdatert: 21.06.2019