Her er Merkurs årsrapport for 2018

Merkur-programmet arbeider for å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. Her er ein kortversjon av årsrapporten for 2018.

Årsrapport

Programmet tilbyr opplæring, rådgiving og nettverksbygging slik at butikkdrivarane får auka butikkfagleg kompetanse. Programmet arbeider for å utvikle nærbutikkane til lokale servicesenter, med mange tilleggstenester. På denne måten får butikken fleire bein å stå på og lokalsamfunnet får betre tenester.

LAST NED: Her kan du laste ned årsrapporten (kortversjon)

41 av dei alle minste butikkane fekk 100.000 kr i servicestøtte i 2018, som betaling for den service dei yter til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Ordninga med utviklingsstøtte til distriktsbokhandlar vart ført vidare.

171 butikkar fekk til saman 34,4 mill. kr gjennom fem ulike støtteordningar som Merkur forvaltar på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

585 nærbutikkar

585 nærbutikkar over heile landet deltar i Merkur-programmet. Dei fleste butikkane er knytt til kjedene Nærbutikken, Joker, Coop Marked, Matkroken eller Snarkjøp.

Merkur har eit nettverk med 10 konsulentar som jobbar med å utvikle butikkane gjennom opplæring og rådgiving. 100 kjøpmenn deltok i det grunnleggande kompetanseprogrammet i 2018. 400 personar deltok på Merkur sine regionale konferansar. Fleire bygdelag får kvart år hjelp til å etablere nye folkeeigde butikkar, når den gamle kjøpmannen gir seg. Dei siste ti-åra er det lagt ned få butikkar i distrikts-Norge.

53 bokhandlar

Merkur gir også hjelp og støtte til små bokhandlar i distrikta. 53 bokhandlar deltar i Merkur-nettverket. 10 av desse fekk utviklingsstøtte til tiltak som skal styrke bokhandelen som sosial og kulturell arena. Bokhandlane tek mål av seg til å bli lokale litteraturhus, med forfattar-kveldar og temamøte.

Støtte til investeringar

Det er stor etterspørsel etter Merkurs støtteordningar. 171 daglegvarebutikkar og bokhandlar fekk tilsegn om 34,4 mill. kr i støtte til viktige investeringar i 2018. I løpet av dei fem siste åra har distriktsbutikkane fått til saman 182 mill. kr til utvikling og fornying. Dette har gjort butikkane meir attraktive og robuste – slik at dei har kunne gi eit betre tenestetilbod for folk i lokalsamfunnet.

25 mill. kr av støttemidlane i fjor gjekk som investeringsstøtte til daglegvarebutikkar, 4,3 mill. kr til investeringsstøtte til drivstoffanlegg og 4,1 mill. kr til servicestøtte til dei aller minste butikkane.

Handle lokalt-kampanje

400 butikkar deltok i ei landsomfattande kampanje for lokal handel 20.oktober, under slagordet «Handle lokalt - velg nærbutikken». Aldri tidlegare har så mange butikkar deltatt i den årlege haldningskampanjen. Butikkane takka kundane for at dei handla daglegvarene sine i bygda. Samtidig vart det understreka kor viktig butikken er, både som møteplass og servicesenter.

Kommune-samarbeid

Merkur samarbeider med kommunane om utvikling av lokalbutikkar og lokalsamfunn. Fleire kommunar engasjerer seg sterkt for å sikre framtida til nærbutikkane sine.

Sju kommunar og 14 nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet «Kommunen og nærbutikken» blir gjennomført i samarbeid med Distriktssenteret og KS. Målsettinga med prosjektet er å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar slik at butikken får ei rolle som kommunes forlenga arm i lokalsamfunnet.

Fleire av kommunane har gjort avtale om å opprette kommunale servicepunkt i butikkane. Kommunen betalar for at butikkane skal yte konkrete tenester til lokalsamfunnet. Det er mellom  anna snakk om tilgang til nett/pc, vareutlevering til eldre, hjartestartar, integrering av flyktningar, samarbeid med heimesjukepleie og tilbod om kaffikrok/sosial møteplass.

Offentlege innkjøp

Merkur arbeider for å legge til rette for at lokalbutikkane kan delta i konkurransar om kommunale innkjøp. Leveransar til skular og barnehagar representerer ein viktig del av omsetninga for fleire butikkar. Dersom kommunen deler opp store innkjøp i mindre einingar, kan fleire lokale bedrifter vere med i konkurransen. Kommunen kan også legge inn service og miljø som kriterium for val av anbod, i tillegg til pris. Dette er innanfor regelverket for offentlege innkjøp.

Distriktssenteret

Konsulentfirmaet Mentor AS i Førde hadde fram til 31.12.2018 forvaltninga av Merkur-programmet som eit oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Frå 1.1.2019 har Merkur blitt ein del av arbeidet til det statlege Distriktssenteret (Kompetansesenter for distriktsutvikling).  

Dette er eit utdrag av årsrapporten for 2018 som Merkur-programmet har levert til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

LAST NED: Her kan du laste ned den fullstendige årsrapporten