Fleire butikkar kan få støtte til hyllekantar

Merkur opnar for at fleire butikkar kan få investeringsstøtte til elektroniske hylleforkantar. I fjor haust fekk butikkar med under 7,0 mill. kr i omsetning støtte til kjøp av teknisk utstyr for å få elektroniske prisar på hyllekantane. No vil også butikkar på mellom 7 og 8 mill. kroner kunne få støtte til dette formålet.

Ostehylle med prisar

FÅR STØTTE: Merkur gir støtte til små og mellomstore butikkar som vil investere i elektroniske hyllekantar.

Butikkar med under 7 mill. kroner i omsetning kan i dag få 75 prosent støtte til kjøp av elektroniske hylleforkantar. Butikkar med mellom 7,0 og 8,0 mill. kr i omsetning vil kunne få 50 prosent støtte til hylleforkantar.

Butikkar med over 8 mill. kr i årsomsetning vil framleis måtte betale denne type investeringar fullt ut sjølve, utan tilskot frå Merkur.

11 butikkar

Fleire større Merkur-butikkar har dei siste åra slutta med papiretikettar med prisar på hyllekantane.  Ved å gå over til elektroniske hylleforkantar har det blitt raskare å skifte prisar på varene, samtidig som butikken kan vere meir sikker på at varene alltid har riktig pris.

Merkur gav fram til hausten 2018 ikkje økonomisk støtte til slike investeringar. Styret ville ikkje  prioritere elektroniske hylleforkantar framfor andre behov, i ein situasjon der det har vore knapt med midlar til støtteordningane.

No kan små og mellomstore Merkur-butikkar få støtte til digital prissetting av varene. 11 butikkar har fått støtte til elektroniske hylleforkantar etter at regelverket vart endra i fjor. Merkur reknar med at det vil kome langt fleire søknader utover over året.

Større budsjett

Styret går inn for at det blir gjort fleire endringar i regelverket for økonomisk støtte, slik at fleire butikkar kan kome inn under støtteordningane. Eit forslag til endringar er no sendt over til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Eventuelle endringar i regelverket vil neppe bli gjennomført før 1.august.

For to år sidan vart det gjort omfattande innstrammingar i regelverket for støtte, på grunn av mangel på disponible midlar. Stortinget har dei to siste åra auka Merkur-budsjettet med 20 mill. kr. Dette er bakgrunnen for at regelverket no blir gjennomgått og justert.

Miljøtiltak

Styret har vedtatt å oppheve eit tidlegare vedtak som sette bom for at  Merkur kunne medverke til kjøp av butikkbygg på ein slik måte at butikken kunne få maksimalt tilskot over 2-3 år. Styret ønskjer heretter å finne fram til lokale tilpassingar i slike saker.

Merkur-styret vil elles prioritere tiltak i butikkane som kan gi ein positiv miljøgevinst, gjennom for eksempel redusert energiforbruk og mindre bruk av miljøskadelege stoff.

Investeringar i ladestasjonar i tilknyting til Merkur-butikkar kjem inn under ordninga med investeringstilskot til drivstoffanlegg.