181 butikkar fekk støtte frå Merkur

181 distriktsbutikkar fekk til saman 34,4 mill. kr i statleg støtte gjennom Merkur-programmet i 2018. Den store etterspørselen etter investeringsmidlar viser at nærbutikkar i distrikta har tru på framtida og ønskjer å satse på utbygging og modernisering.

Kvinne i uferdig kafe-lokale

GAMVIK: Kjøpmann Synnøve Vassvik fekk støtte fra Merkur til å bygge kafè og pub i tilknytning til butikken i Gamvik.

OVERSIKT: Desse butikkane fekk støtte gjennom Merkur-programmet i 2018

I 2017 vart det til samanlikning fordelt 32,2 mill. kr til 186 nærbutikkar og bokhandlar.

I løpet av dei tre siste åra har norske distriktsbutikkar fått til saman 100 millionar kroner til investeringar som skal gi innbyggjarane eit betre servicetilbod.

Tre fylke peikar seg ut med stor investeringsvilje i 2018; det er Nordland, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Investeringsstøtte

171 daglegvarebutikkar fekk økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet i fjor. Dei aller fleste nærbutikkane fekk investeringsstøttte til opprusting, utviding eller modernisering av butikken.

17 butikkar eller lokalsamfunn fekk støtte til modernisering eller etablering av drivstoffanlegg i 2018.

Betaler for service

41 av butikkane fekk såkalla servicestøtte. Dette er ei ordning som vart innført i 2017, som ei ekstra handsrekning til dei aller minste butikkane. Butikkane kan få 100.000 kr årleg som betaling for den servicen som dei gir til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Dei fleste av desse butikkane ligg på øyar langs kysten.

10 bokhandlar i distrikts-Norge fekk opptil 50.000 kr i utviklingsstøtte. Formålet med denne ordninga er å stimulere til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell arena og sikre utsette distriktsbokhandlar.

Betre tenester

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for butikkar i distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet.

Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og er frå 1.1. 2019 ein del av Distriktssenteret.


OVERSIKT: Desse butikkane fekk støtte gjennom Merkur-programmet i 2018