Merkur har fått ny avtale med Norsk Tipping

Norsk Tipping og Merkur har inngått ny samarbeidsavtale, for perioden 2019-2020. Norsk Tipping er av stor betydning for Merkur-butikkane både når det gjeld å kunne tilby eit godt tenestetilbod for kundane, ekstra omsetning og tilleggsinntekter.

Mann ved tippedisk

TILBYR TIPPING: Kjøpmann Jørn Elvevoll ved Matkroken Tovik i Troms har fleire tippe-tenester.

405 nærbutikkar er i dag kommisjonærar for Norsk Tipping, gjennom avtalen mellom Merkur-programmet og tippeselskapet.

Merkur-butikkane står for ei samla tippeomsetning på 235 mill. kroner. Kvar butikk har ein gjennomsnittleg provisjon på 43.000 kr. Dette er ei verdifull tilleggsinntekt for små butikkar med svak lønsemd.

Redusert krav

Norsk Tipping set bestemte krav til tippeomsetning for at ein butikk skal få vere kommisjonær. Gjennom avtalen med Merkur har Norsk Tipping redusert omsetningskravet for små distriktsbutikkar. Kvar butikk må no ha ei tippeomsetning på 5.000 kroner pr. veke.

Butikkar som ønskjer å bli kommisjonærar for Norsk Tipping, skal ta kontakt med den lokale Merkur-konsulenten. Konsulenten kan etter avtale skrive ei fråsegn som kjøpmannen kan bruke når han sender søknad til Norsk Tipping.

LES: Korleis kan du bli kommisjonær (Informasjon frå Norsk Tipping)

Lag og foreiningar

Tippetenester er eit viktig tilbod for mange kundar. Norsk Tipping er også ein viktig bidragsytar til utvikling av mange lokalsamfunn, både gjennom ordinære tippemidlar og gjennom ordninga med grasrotandel.

Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for dei som spelar hos Norsk Tipping å gi 7 prosent av speleinnsatsen direkte til eit lag eller ei foreining. Det betyr at dersom du spelar Lotto for 100 kr, så gir du automatisk sju kroner til den grasrotmottakaren du har valt ut.

Ved spel på Multix, Instaspill og Oddsen er Grasrotandelen 14 prosent av speleinnsatsen, etter fråtrekk for gevinstar.  I 2018 vart 649 mill. kr. sendt ut til lokalsamfunna i form av grasrotmidlar.

LES: Grasrotmidler holder liv i bygdas kaffikrok