Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Denne butikken fekk tidenes julegåve
Parkeringsplass med biler foran butikk
KVAMMEN HANDEL: Denne butikken fekk 700.000 kr i julegåve.

Denne butikken fekk tidenes julegåve

18. desember 2019

Kvammen Handel i Askvoll har fått ei julegåve utanom det vanlege. Ein lokal oppdrettar har gitt butikken ei gåve på 700.000 kroner. – Vi meiner at det er viktig å støtte opp om det som er lokalt, seier Ingvar Osland i Flokenes Fiskefarm.

Det lokaleigde oppdrettsselskapet gav først butikken er gunstig byggjelån på 1,4 millionar kroner i samband med ei større opprusting av butikken. Planen var at lånet skulle gjerast om til eit fast lån og betalast tilbake på vanleg vis.

Men då styret for den folkeeigde butikken møttest for å lage ein nedbetalingsplan, fekk dei vite at oppdrettsselskapet ville gi halve summen som gåve.

– Det var ei stor overrasking. Heilt fantastisk, både for butikken og bygda, seier styreleiar Sara Osland til avisa Firda.

Fiskeoppdrettaren er opptatt av samspelet mellom næringslivet og resten av lokalsamfunnet:

– Som lokal bedrift kan vi støtte opp om det lokale. Butikken er viktig i bygda, ikkje berre som butikk, men også som sosial møtestad. På denne måten kan vi støtte opp om alle som bur her, seier seniorrådgivar Ingvar Osland i Flokenes Fiskefarm til avisa.

Styreleiar for butikken seier at det er kjempeviktig for både bygda og næringslivet at det er eit godt samarbeid i bygda.

– Butikken er sentral. Nesten alt det sosiale skjer i og rundt butikken. Derfor synest eg denne uventa julegåva er ekstra kjekk å få, seier Sara Osland.