Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Lisa fekk pris for butikkutvikling
To personer med blomster og diplom. Foto.
PRISVINNAR: Lisa Myklebust tok imot Merkur-prisen av avdelingsleiar Steinar Fredheim i Distriktssenteret. Foto: Ronny Mowatt.

Lisa fekk pris for butikkutvikling

20. november 2019

Svanøy Handel i Flora har fått Merkurs pris for beste nærbutikk på Nordvestlandet. Nærbutikken har gjennom fleire år satsa mykje på utvikling av butikken gjennom serveringstilbod, arrangement og sosiale aktivitetar.

Kjøpmann Lisa Myklebust tok imot prisen på Merkurs kjøpmannskonferanse i Førde.

– Butikken på Svanøy framstår i dag med ein butikkvalitet som overgår det ein kan forvente i eit lite lokalsamfunn. Den har godt tilpassa opningstider, og kjøpmannen driv stadig oppgradering slik at kundane opplever fornying og stadige løft i kvaliteten på tilbodet, blir det sagt i grunngjevinga for prisen.

Mange aktivitetar

Svanøy Handel tilbyr aktivitetar for både fastbuande, hyttefolk og tilreisande. Både sommarstid og i vintermånedane blir det laga arrangement som dreg folk til øya og gir butikken viktige meirinntekter.

Butikken har eigen kafé eller pub der det blir servert alt frå middagar til lokalmatrettar og enkle måltid tilpassa kundens behov. Dei har også skapt sin eigen lokale gimmick ved å tilby like mange ølsortar som der er fastbuande på øya.

Lise Myklebust har dette året utvikla ein eigen turist-app, der tilreisande kan få informasjon om butikktilbod og andre turisttilbod både på Svanøy og dei andre øyane i Flora-bassenget.

LES: Lisa lokkar turistkundar med ein eigen app

– Årets Merkur-butikk på Nordvestlandet har over tid vore av dei mest aktive på butikkutvikling, arrangement og sosiale aktivitetar. Det har vore lagt ned eit stort arbeid for å utvikle butikken og butikktilbodet, heiter det vidare i grunngjevinga for prisen.

Hjarte i bygda

Nærbutikken har blitt ein livsnerve på Svanøy og fungerer i dag som sjølve hjartet i bygda.

Både «gamlekjøpmann» Ole Svanøe og noverande kjøpmann Lisa Myklebust har samarbeidd godt med bygdefolket. I 2019 vart det etablert eit folkeeigd aksjeselskap som overtok drifta av butikken. 60 fastbuande gjekk inn med 1,2 mill. kr i aksjekapital, inkludert bidrag frå lokale bedrifter. Dette har gitt eit godt grunnlag for vidare utvikling av butikken.

– Butikken samarbeider godt med grendelaget og andre aktørar på øya slik at øya blir meir attraktiv. Dette skaper bulyst og trivsel for hyttefolk, besøkande og fastbuande, blir det slått fast.