Nasjonal Merkur-konferanse 28.-29.okt 2020

Neste år blir det nasjonal Merkur-konferanse i Trondheim. Sett av 28.-29.oktober og bli med på to dagar med inspirasjon, fagleg kunnskap og nettverksbygging på Raddison Blu Royal Garden Hotel midt i Trondheim.

hotell

HOTELL: Nyoppussa Royal Garden Hotell i Trondheim blir arena for Merkurs landskonferanse i 2020.

Det er fleire år sidan Merkur sist arrangerte landskonferanse. Men neste haust inviterer vi igjen kjøpmenn og andre som er opptatt av butikk- og bygdeutvikling, til nasjonal konferanse.

Konferansen i Trondheim blir også ei markering av at det er 25 år sidan Merkur-programmet vart etablert i 1995.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som arbeider med å planlegge konferansen. Gruppa er samansett av Aina Sofie Brox, Per Kjetil Jørgensen og Anne Irene Myhr i Distriktssenteret, pluss Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth.

Det blir lagt opp til både plenumsamlingar og parallelle sesjonar der du kan velje kva for tema du vil vite meir om. Nærmare detaljar om program, prisar og påmelding vil bli lagt ut over nyttår.

Programmet vil starte om formiddagen onsdag 28.oktober og vil bli avslutta om ettermiddagen torsdag 29.oktober. Det er avklart med NorgesGruppen, Coop og Snarkjøp at kjedene ikkje vil ha konkurrerande arrangement siste veka i oktober.

Landskonferanse-komiteen.jpg

PLANLEGG: Desse planlegg landskonferansen: f.v. Per Kjetil Jørgensen, Anne Irene Myhr, Aina Sofie Brox og Vigdis Myhre Næsseth.