Viktig info om støtte for 2019

Skal du søkje om økonomisk støtte til utvikling av nærbutikken? No har Merkur lagt ut søknadskjema for ordningane med utviklingsstøtte og investeringsstøtte til nærbutikk og drivstoffanlegg.

UTBYGGING: Matkroken Sætervik var mellom dei butikkane som fekk støtte til utviding i fjor.

UTBYGGING: Matkroken Sætervik var mellom dei butikkane som fekk støtte til utviding i fjor.

Merkur vil ta imot søknader til fem forskjellige støtteordningar for nærbutikk og bokhandel i 2019. Skjema for søknader om utviklingsstøtte og investeringsstøtte til nærbutikk og drivstoffanlegg er no lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no.

Ordninga med servicestøtte til daglegvarebutikkar vil bli klar seinare. Utviklingsstøtte til bokhandlar vil bli klargjort for publisering til hausten. 

Søknader om investeringsstøtte som vart sendt inn på slutten av fjoråret, blir overført til 2019. Det er såleis ikkje nødvendig å sende inn ein søknad på nytt, dersom du har ein søknad liggande klar på nettstaden www.regionalforvaltning.no

Regelverket for tildeling av støtte for 2019 er det same som galdt for 2018. Men programstyret skal drøfte praktisering og eventuelle endringar av forskrifta om tilskot frå Merkur programmet, noko som kan medføre endringar i løpet av året. 

Merkur har opna for å gi investeringsstøtte til elektroniske hylleforkantar, til butikkar med under 7,0 mill. kroner i årsomsetning. Butikkar som vil søke om støtte til dette formålet, skal bruke vanleg søknadsskjema for investeringsstøtte.

LES:

OVERSIKT: Dette er Merkurs støtteordningar 

REGELVERK: Her er Merkur-forskrifta