Merkur er ein del av Distriktssenteret

1. januar overtok Distriktssenteret forvaltinga av Merkur-programmet. Dei tre tilsette i sekretariatet har fått jobb i Distriktssenteret. Steinar Fredheim som leier Distriktssenterets avdeling i Sogndal, blir fagleg leiar for Merkur.   

LEIAR: Steinar Fredheim får eit overordna ansvar for arbeidet med Merkur-programmet.

LEIAR: Steinar Fredheim får eit overordna ansvar for arbeidet med Merkur-programmet.

Sekretariatet for Merkur var fram til årsskiftet ein del av konsulentselskapet Mentor AS i Førde. No har programmet blitt ein del av Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret).  

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som eig både Merkur og Distriktssenteret, som har bestemt at Distriktssenteret skal overta det operative ansvaret for Merkur-programmet.  Alle dei tre som arbeidde med Merkur-programmet i Mentor AS blir med over til Distriktssenteret.  

Departementet meiner det er klare faglege fordelar ved eit stabilt, større fagmiljø som kan utviklast vidare. Det har over mange år vore ei utvikling der Merkur, og Merkur-butikkane, har utvikla seg til å verte lokalsamfunnsutviklarar. Slik har Distriktssenteret og Merkur mykje til felles.  

Ei samanslåing mellom Merkur og Distriktssenteret kan óg gi Merkur breiare dialog med kommunane.  

Utvikling av lokalsamfunn  

- Koplinga mellom Distriktssenteret og Merkur betyr eit fagleg sterkare verkemiddel der butikkens rolle som lokal samfunnsutviklar, i samarbeid med kommunen, vil bli løfta fram, seier Steinar Fredheim, som no er fagansvarleg for Merkur i Distriktssenteret.   

Fredheim har vore leiar for Distriktssenteret si avdeling i Sogndal sidan etableringa i 2008. Før den tid har han drive med næringsutvikling og utviklingsarbeid i fylkeskommunen, SND og Innovasjon Norge.  

- Vil Merkur bli annleis etter at Distriktssenteret har tatt over drifta?  

- Det er vår målsetting at Merkur skal bli minst like bra som programmet har vore fram til i dag. Distriktssenteret ønskjer å styrke Merkur ved å tilføre ressursar og setje meir trøkk på Merkur som verktøy i lokal samfunnsutvikling, seier Fredheim.  

Tillit frå statsråden  

- Eg har full tillit til at Distriktssenteret vil forvalte og utvikle Merkur i tråd med dei gode tradisjonane som er etablert. Merkur er viktig for Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Vi har i denne prosessen fått klare råd om korleis vi bør vidareføre det arbeidet Merkur gjer på en framtidsretta måte. Vi er heilt trygge på at den nye organiseringa blir god, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ein kommentar .  

Det blir ingen endringar i konsulent-korpset som følgje av omorganiseringa. Dei ti Merkur-konsulentane har åremålskontraktar som gjeld fram til 1.august 2020.