Vurderer endringar i støtte-regelverket

Statsråd Monica Mæland varslar at det kan bli justeringar i regelverket for Merkur-støtte. – Det er ei klar målsetting at det skal vere best mogleg samsvar mellom løyvingar og regelverk, slik at flest mogleg av butikkane kan få støtte til utvikling og modernisering, seier kommunalministeren.

Personar samla rundt eit bord. Foto.

SPØRSMÅL: Statsråd Monica Mæland fekk spørsmål om å endre på regelverket for Merkur-støtte då ho besøkte Joker Setskog.

Merkurs regelverk for økonomisk støtte til marginale butikkar har vore tema på Stortinget i januar. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) stilte skriftleg spørsmål til kommunal- og moderniseringsministeren:

- Vil regjeringa endre forskrifta for Merkurprogrammet slik at fleire nærbutikkar kan søkje om og få støtte, enten ved å endre avstandskravet eller ved at det kan brukast skjønn? spurde Kjersti Toppe.

To ulike bygder

Ho viste til at Nærbutikken Grimo i Ullensvang tidlegare hadde fått investeringsstøtte frå Merkur. Men då regelverket vart stramma inn, vart denne butikken hindra i å søkje om støtte fordi den låg berre 7 km frå næraste butikk. I dag er regelverket slik at det må vere minst 10 km avstand til neste butikk, dersom ein butikk skal kunne få støtte til investeringar.

- Men butikkane på Grimo og Utne har heilt ulikt kundegrunnlag, og det er fleire kilometer utan busetnad mellom butikkane. Det er eit klårt ynskje å få endre krav i forskrift til 5 km eller at ein får høve til å bruka skjønn, argumenterte Kjersti Toppe.

Måtte stramme inn

Kommunalminister Monica Mæland viste i sitt skriftlege svar til at Merkur heilt sidan oppstarten har tilpassa regelverket til dei økonomiske rammene som Stortinget har sett. I 2017 var det naudsynt å stramme inn praktiseringa av regelverket for å sikre at løyvinga rakk året ut.

Det har dei to siste åra vore ei sterk auke i løyvingane til Merkur-programmet. I saldert statsbudsjett i 2017 og i statsbudsjettet for 2018 og 2019 har det kome vesentleg auke i løyvingane.

- Vi er no i dialog med Merkur-programmet for å få vurdert om det skal gjerast justeringar i regelverket, seier Monica Mæland.

Departementet avgjer

Styret for Merkur-programmet begynte å diskutere avstands- og omsettingskrav knytt til støtteordningane for daglegvarebutikkar i distrikta på sitt strategimøte i februar. Saka vart følgt opp på møte i april, der styret gjekk inn for å justere på regelverket slik at fleire butikkar kan bli omfatta av støtteordningane. Forslaget er no bli sendt over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg vedtak.

- Det er ei klar målsetting at det skal vere best mogleg samsvar mellom løyvingar og regelverk, slik at flest mogleg av butikkane kan få støtte til utvikling og modernisering, seier statsråd Monica Mælanden.

Så fort regelverket eventuelt blir justert, blir butikkdrivarar informerte om dette. Kva konsekvensar dette vil få for butikken i Grimo, er det for tidleg å seie no.

Oppdatert: 8.mars 2019