10 års jubileum for Distriktssenteret

Distriktssenteret har samla kunnskap om lokal samfunnsutvikling i 10 år. I dag vart jubileet markert med fagdag på Kimen kulturhus i Stjørdal. Merkur-kjøpmann Hans-Jakob Sunde var ein av dei som sat i panelet for å drøfte kommunen som samfunnsutviklar.

Panel Distriktssenteret.jpg

FAGDAG: Kjøpmann Hans-Jacob Sunde (t.h.) i samtale med (f.v.) Marianne Meløy, Marit Espenes, Tendai Malvine Makurumbandi og Astrid Skogseth.

Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) vart etablert for å vere ein støttespelar for lokalsamfunnsutvikling i kommunane. Etter ti år har senteret blitt ei kunnskaps- og erfaringsbase, spesielt for små og mellomstore kommunar.

På jubileumsfagdagen vart det formidla smakebitar av den kunnskapen som har blitt henta inn, samanstilt og delt dei siste ti åra. Det vart også gitt ut eit nytt læringshefte som oppsummerer ein del av dei verktøya og fagkunnskapen som Distriktssenteret tilbyr kommunane.

«Livskraftige lokalsamfunn - tilfeldig og planlagt?» var tema for fagdagen. I dette ligg det at eit livskraftig  lokalsamfunn kan vere eit resultat av både god planlegging - og litt flaks. Men det er uansett viktig at kommunen har eit aktivt tiltaksapparat som kan sjå utfordringar og gripe dei mulegheiter for vekst som dukkar opp.

Merkur-kjøpmann Hans-Jacob Sunde frå Nærbutikken Rognaldsvåg i Flora var invitert til å sitje i panelet for å drøfte kommunens rolle som samfunnsutviklar. Han understreka kor viktig det for ein liten bygdebutikk å ha god forankring i lokalsamfunnet og god kontakt med kommunen og lokale politikarar.

Distriktssenteret er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Merkur-programmet som i dag er knytt til konsulentfirmaet Mentor i Førde, vil frå 1.1.2019 overført til Distriktssenteret. Dei tilsette i sekretariatet har tatt imot tilbod om fast stilling i Distriktssenteret og skal halde fram med å arbeidet med Merkur-programmet.