Distriktsbokhandlar får hjelp til utvikling

Små bokhandlar i distrikts-Norge kan få økonomisk støtte gjennom Merkur-programmet til å styrke og utvikle drifta. For 2018 er det sett av 500.000 kr til tiltak som kan utvikle bokhandelen som sosial og kulturell arena.

Nordkyn  bok og papir 2.jpg

KJØLLEFJORD: Bokhandlar Gøril Søndrol (t.v.) ved Nordkyn Bok og Papir var mellom dei som fekk utviklingsstøtte gjennom Merkur i fjor.

Ordninga med utviklingsstøtte til bokhandlar vart innført av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i fjor. Då fekk 15 bokhandlar frå ulike deler av landet mellom 17.000 og 50.000 kr i utviklingstilskot.

LES: 15 bokhandlar får hjelp til utvikling (2017)

Støtteordninga er eit tilbod til bokhandlar som ønskjer å utvikle bokhandelen til ein sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet. Ordninga skal til dømes hjelpe bokhandlarar som ønskjer å leggje til rette for mellom anna forfattarmøte, litteraturkveldar og andre typar kulturelle arrangement i bokhandelen.

Merkur-programmet har erfart at det er mogleg å få til vekst og utvikling i små bokhandlar med relativt små investeringar. Målsettinga med utviklingsstøtta er å styrke og utvikle drifta og generere tilleggsinntekter for bokhandlane i område med små marknader.

Tilbodet om utviklingsstøtte gjeld for Merkur-bokhandlar som er lokalisert i ein tettstad eller småby i distrikts-Norge. Bokhandelen må vere einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet, og den må ha ei omsetning på under 7 millionar kroner.

Bokhandlane kan søkje om inntil 50.000 kr i støtte pr. år. Fristen for å søkje om støtte for 2018 er 15.oktober.

Søknadsskjema for den nye støtteordninga er lagt ut på nettportalen www.regionalforvaltning.no

SØK: Her kan du søke om støtte

Merkur-programmet, som er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle distriktsbutikkar, har arbeidd med utvikling av bokhandlar sidan 2008. Målet er å sikre eit godt tenestetilbod i distrikta. Om lag 50 bokhandlarar deltar i dag i nettverket Merkur Bok.

LES: Merkurs nettside om bokhandel-støtte