Skal du delta i Handle lokalt-kampanjen?

Har du gløymd å melde deg på Handle lokalt-kampanjen laurdag 20.oktober? Så langt har 200 nærbutikkar og bokhandlar gitt melding om at dei vil delta i lokalhandel-kampanjen.  I fjor deltok 375 butikkar, og målsettinga i år er å få med 400.

IMG_6263_1536906394852.jpg

HANDLE LOKALT: Merkur er i gang med å sende ut kampanje-materiell til butikkane som vil vere med på årets lokalhandel-kampanje.

Sekretariatet i Merkur er godt i gang med utsending av kampanje-materiell. Dei butikkane som var først ute med påmelding, vil få tilsendt  plakatar, bokmerke, ballongar og klistremerke i løpet av få dagar.

VIL DU VERE MED?  Her kan du melde deg på Handle lokalt-kampanjen

180 daglegvarebutikkar har hittil bestilt materiell for å gjennomføre ein nærbutikk-dag, i samarbeid med gode krefter i bygda. Det er trykt opp heilt nye kampanje-plakatar for årets kampanje.

20 bokhandlar er også påmeldt til lokalhandel-kampanjen. Dei får tilsendt bokmerke med ti gode argument for lokal bokhandel, pluss ballongar og klistremerke.  

Det er sjette året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Merkur tilbyr gratis kampanje-materiell. Butikkane får i år hjelp til å gjennomføre ein kampanje på Facebook, med innlegg som seier noko om kor viktig det er å handle lokalt og velje nærbutikken.

 Merkur oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar på kampanjedagen, for å knytte enda sterkare band mellom butikk og lokalsamfunn.

 Frist for påmelding er 20.september, men vi tar imot påmeldingar så lenge vi har materiell på lager.

 

VIL DU VERE MED?  Her kan du melde deg på Handle lokalt-kampanjen