Små butikkar blir sett på sidelinja

Nærbutikkar og andre lokale bedrifter blir ofte sett på sidelinja når kommunane skal stramme inn på regelverket for offentlege innkjøp. Fleire bedrifter i Forsand kommune i Rogaland har mista kommunen som storkunde. Lokalpolitikarar er uroa over at kommunen vel å kjøpa varer andre stader enn lokalt. Kjøpmann Rune Stangeland håper at kommunen nyttar sjansen til å endra innkjøpspraksisen sin før samanslåinga med nabokommunen Sandnes.

Rune Stangeland.jpg

MISTA STORKUNDE: Kjøpmann Rune Stangeland reagerer sterkt på at kommunen har kutta ut lokalbutikken til fordel for ein stor grossist utanfor kommunen (Foto: Elin Moen Karlsen, Strandbuen).

Kommunen sa i fjor opp innkjøpsavtalane dei hadde med fleire lokale bedrifter. Forsand Byggservice og Joker Lysefjorden var to av bedriftene som fekk ein kraftig reduksjon i omsetnaden. Byggeforretninga har måtte leggje ned materialutsalet og Jokerbutikken har måtte kutte ei halv stilling.

LES: - Galt å ikkje handla lokalt (Strandbuen 29.august 2018)

Bakgrunnen for endringane var kommunens ønskje om å rydde opp i ulovleg direkteinnkjøp i offentleg verksemd. Kommunen meiner også at der er pengar å spare ved å handle direkte hos grossist, i staden for å bruke lokale butikkar.

Men no får kommunen kritikk både frå lokalpolitikarar og næringsdrivande. Merkur-konsulent Lars Helgeland er også kritisk til kommunen sin nye innkjøpspolitikk.

Ta vare på næringslivet

- Kommunen skal ikkje berre sikra innbyggarane gode kommunale og lovpålagde tenester, men har også eit stort ansvar for å leggja til rette og ta vare på lokalt næringsliv, som leverer varer og tenester i lokalmiljøet, skriv lokalpolitikar Kåre Oaland (Samlingslista) i ein interpellasjon til kommunestyret.

- Tenester med lokal forankring skapar bulyst, miljø og ei kjensle av å høyra til. I tillegg fører det til lokale arbeidsplassar og opprettheld busetjing, står det vidare i interpellasjonen som er referert i lokalavisa Strandbuen.

Småleverandørar sette på sidelinja_side 1.jpg

Han får støtte frå gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Roar Larsen:

- Eg stiller meg undrande til ikkje Forsand kommune handlar lokalt for å støtte lokalt næringsliv, seier han.

Samlingslista foreslår at kommunestyret pålegg rådmannen å endra praksisen når nye innkjøpsavtaler for varer og tenester skal bli fornya.

Kan handle lokalt

Merkur-konsulent Lars Helgeland har hatt fleire møter med innkjøpsansvarleg og ordførar i Forsand kommune for å informere om at kommunen har høve til å handle lokalt, utan å kome i konflikt med regelverket for offentlege innkjøp.

- Det er opning i regelverket for at kommunen for eksempel kan splitta opp rammeavtaler framfor å henga seg på store innkjøpsavtaler. Det har dei blant anna gjort i Stavanger for ein nærbutikk på Vassøy og for fleire nærbutikkar i Suldal, seier Helgeland.

– Det er forskjell på viss ein skal byggja ein skule eller barnehage til fleire titals millionar kroner. Her snakkar me om innkjøp av mjølk og brød, legg han til.

Kjøpmannen: «Trist»

Kjøpmann Rune Stangeland håper Forsand kommune vil ombestemma seg og velja å handla lokalt før kommunen blir slått saman med den store bykommunen Sandnes. Viss ikkje trur han løpet er kjørt.

Det er rart at ikkje kommuneleiinga ser på det som gjeld sysselsetjing og skatt til kommunen som eit argument for å handla lokalt.
— Rune Stangeland, kjøpmann

– Kommunen har vore den største kunden me har hatt og har stått for sju til åtte prosent av den årlege omsetjinga vår. Det synest me det er veldig trist å mista, slår Joker-kjøpmannen fast.

 – Det er rart at ikkje kommuneleiinga ser på det som gjeld sysselsetjing og skatt til kommunen som eit argument for å handla lokalt, legg han til.

Tilbyr gratis tenester

Merkur-konsulenten peikar på dei mange oppgåvene som Joker Lysefjorden har utført for Forsand kommune utan å ta betaling for. Eksempel på slike tenester kan vera arbeidstrening i samarbeid med Forsand skule, som skal ha utgjort rundt 35 timar per månad. Varekøyring til eldre og andre som ikkje kjem seg til butikken, rundt 10 leveransar kvar veke, og diverse vaktmeistertenester knytt til dette. Døgnope toalett og dusj, auka kontantbehaldning då minibanken blei lagt ned og funksjon som turistkontor.

Helgeland viser også til fleire prisar kjøpmann Rune Stangeland har vunne, blant anna Forsand kommune sin tiltakspris i 2003.

– Med den innsatsen Rune Stangeland har lagt ned i over 30 år utan å ta betalt, er det minste Forsand kommune kan gjera til gjengjeld å handla lokalt, slår Merkur-konsulenten fast.

– Det er lov å bruka sunn fornuft, det hadde eg forventa av ein så liten kommune som Forsand. Desto mindre forholda blir, dess meir ser ein korleis alt heng saman med alt.

– Innbyggarane på Forsand er flinke til å støtta opp om dei lokale butikkane sine. Kommunen sitt bidrag til desse lokale butikkane må vera å la pengane bli i Forsand, ikkje senda dei ut av kommunen, slår Lars Helgeland fast.

LES: - Galt å ikkje handla lokalt (Strandbuen 29.august 2018)