Bli med på Handle lokalt-kampanjen

Laurdag 20.oktober blir det aksjonsdag for lokal handel. Alle Merkur-butikkar over heile landet blir inviterte til å delta i aksjonen. Slagordet for nærbutikk-dagen er «Handle lokalt – velg nærbutikken».

Montasje Handle lokalt 18 copy.jpg

GRATIS: Plakatar og anna kampanjemateriell blir sendt ut gratis til alle distriktsbutikkar.

Kampanjen vil som tidlegare fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier seniorrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Aukande interesse

Merkurs årlege kampanjar for lokal handel har blitt ein suksess. Stadig fleire butikkar ønskjer å delta, og kampanjen blir lagt merke til både i butikk-Norge og distrikts-Norge. Talet på deltakande butikkar har blitt dobla, frå 180 i 2013 til 380 i 2017.

- Målsettinga for 2018 er å få med minst 400 butikkar, seier Merkur-rådgivar Per Kjetil Jørgensen.

45 bokhandlar i distrikts-Norge deltok i kampanjen i fjor. Merkur legg opp til kampanje både for bokhandlar og daglegvarebutikkar også i år. Butikkane kan få materiell både på nynorsk og bokmål-

Lokalt engasjement

Nærbutikkdagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen. Mange legg opp til ekstra aktivitetar i butikken. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordførar eller lokalavis på besøk.

Merkur oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar, for å knytte enda sterkare band mellom butikk og lokalsamfunn. Utan lokalt engasjement vil ikkje små bygdebutikkar kunne overleve.

Nytt materiell

Merkur tilbyr gratis kampanje-materiell i form av plakatar og ballongar. Det er laga nye plakatar for 2018. I tillegg er det laga mal for invitasjonar og pressemeldingar som butikken kan sende ut. Det er også lagt opp til kampanje på Facebook, der butikkane kan leggje ut innlegg som seier noko om kor viktig det er å handle lokalt og velje nærbutikken.

Bokhandlane kan få tilsendt bokmerke med gode argument for lokal (bok)handel.

- Merkur jobbar for å utvikle butikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde opp levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive også for ny busetting, seier Per Kjetil Jørgensen.

Siste frist for påmelding er 20.september. Påmeldinga skjer gjennom eit enkelt skjema på Merkurs nettside.

HER KAN DU BESTILLE GRATIS MATERIELL