Butikken er turistvert - kommunen betalar

Lokalbutikken fungerer som kommunes forlenga arm i arbeidet med å få fleire turistar til kommunen. Då er det ikkje urimeleg at kommunen betaler for butikkens vertskapsrolle. Øygarden kommune har gjort avtale om å betale 30.000 kr årleg for at Hellesøy landhandel har ansvar for turistinformasjon og WC-tilbod for tilreisande.

Hellesøy-turistar.jpg

TURISTAR: Båtruta frå Hellesøy til Fedje har ført til auka turisttrafikk gjennom Øygarden.

Øygarden vest for Bergen har blitt ein populær destinasjon for turistar på jakt etter sjøliv, kystkultur og fritidsfiske. Mange turistar køyret til enden av kommunen og tar hurtigbåt vidare til øysamfunnet Fedje lenger nord.

Turistane kjem gjerne innom lokalbutikken på Hellesøy for å få informasjon om rutetider og opplysningar om kva som er verdt å sjå. Mange har behov for eit offentleg toalett.

Butikken fungerer som vertskap og stiller alltid opp med hjelp. Men god informasjon og rettleiing tar tid i ein elles travel kvardag med kundebehandling, bestillingar, varemottak og anna butikkdrift. Derfor har butikken tatt kontakt med Øygarden kommune for å få på plass ein serviceavtale som formaliserer samarbeidet med kommunen og tydeleggjer butikkens rolle som turistvert.

Samarbeidsavtalen seier at Hellesøy landhandel skal drive turistinformasjon og dele ut kart og brosjyrar for tilreisande. Butikken skal også ha WC tilgjengeleg for turistar og andre reisande. I tillegg skal butikken ha nøkkel til den kommunale miljøstasjonen og kunne dele ut avfallsposar.

Hellesøy landhandel får ei årleg godtgjersle på 30.000 kr for å ta på seg desse kommunale oppgåvene. Avtalen gjeld for to år.

- Vi er veldig glad for å kunne yte god service, hjelpe turistane og vere ansikt utad, seier dagleg leiar Gunta Venge ved Hellesøy landhandel.

Sju nærbutikkar i Sogn og Fjordane har også fått på plass serviceavtalar med sine respektive kommunar. Flora og Askvoll skal betale 50.000 kr årleg for at lokalbutikkane skal fungere som «kommunale servicepunkt» i lokalsamfunnet.

LES MEIR: Kommunen kjøper service på nærbutikken