Merkur-programmet har fått eiga forskrift

Merkur har fått eiga forskrift for tildeling av økonomisk støtte. Alle vilkåra for tildeling av støtte gjennom Merkur-programmet er no samla gjennom ei forskrift i Lovdata. Merkur-forskrifta gjeld frå 1.juni 2018.

Merkur-forskrifta 2.jpg

MERKUR-FORSKRIFTA: Regelverket for tildeling av Merkur-støtte har blitt ei statleg forskrift.

Merkur har tidlegare hatt fem forskjellige regelverk for tildeling av støtte, tilpassa dei fem støtteordningane som Merkur forvaltar på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. No blir alle vilkår for støtta samla i eit felles regelverk, i form av ei formell forskrift.

LES: Her kan du lese Merkur-forskrifta

Det er ikkje snakk om endringar i regelverket for økonomisk støtte til nærbutikk, drivstoffanlegg eller bokhandel. Den nye forskrifta byggjer på dei gamle retningslinjene og etablert praksis for tildeling av støtte.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har jobba med forskrifta i eit år. Forslaget til forskrift har vore ute på høyring, før det vart fastsett av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 23. mai med heimel i dei årlege budsjettvedtaka til Stortinget.

Dagleg leiar, Helge Schei, og avdelingsleiar for støtteordningar i Merkur, Sissel Karin Hals, har gitt mange innspel undervegs. Seniorrådgivar Jeanette Fjeldheim ved regionalpolitisk avdeling seier at engasjementet frå Merkur-sekretariatet har gjort departementets arbeid mykje enklare.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet håper at forskrifta skal medverke til at fleire får kunnskap om Merkurs støtteordningar.

Forskrifta er skrive slik at dei som ikkje kjenner ordningane, skal kunne sette seg inn i dei enklast mogeleg. Første kapittel har felles reglar som gjeld alle ordningane. Deretter kjem oversikt over særreglar for kvar enkelt ordning i Merkur-programmet, pluss avsluttande reglar.

Departementet vil sende orienteringsbrev til landets fylkeskommunar og kommunar der det blir orientert om Merkur-forskrifta.

LAST NED: Her kan du laste ned Merkur-forskrifta