Ordføraren sette opp Merkur-skiltet

Gunhild Berge Stang skrudde fast Merkur-skiltet på Nærbutikken Hellevik. Ordføraren i Fjaler hadde sin årlege kontordag på nærbutikken og tok med glede på seg oppdraget med å markere at denne lokalbutikken er ein del av Merkur-nettverket.

Merkur skilt_Gunnhild Berge Stang_Helge Schei.jpg

SAMARBEID: Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang og dagleg leiar i Merkur, Helge Schei, viser fram skiltet som fortel av dette er ein Merkur-butikk. Foto: Ronny Mowatt

Over 500 butikkar over heile Norge vil i løpet av året få eit lite skilt ved inngangsdøra som fortel at butikken deltar i Merkur og er opptatt av å yte god service til lokalsamfunnet.

Formålet med profileringa er å synleggjere Merkur-programmet som ein hjelpar for distriktsbutikkane. Merkur-merket skal fungere som eit kvalitetsmerke. Kundane skal sjå at kjøpmannen er utviklingsorientert - og kjøpmannen skal bli enda meir bevisst på si rolle som lokal utviklingsaktør.

Ordførar på butikk

Ordføraren i Fjaler brukar nærbutikkane i kommunen som eit utekontor. Ho tek med seg pc og plasserer seg i kaffikroken på lokalbutikken for å møte veljarane sine. For to år sidan gjennomførde ho ein møteserie på fire utkantbutikkar, pluss ein sentrumsbutikk. No er ho i gang med ei ny runde for å få bygdefolket i tale.

- Eg har stor nytte av dette som ordførar. Mange kjem til meg med saker dei ønskjer at eg skal ta opp. Eg trur at terskelen for å ta kontakt med ordføraren kan bli mindre på denne måten, seier Gunhild Berge Stang.

LES: Ordførarkontor på nærbutikken

Sist veke møtte ho ekstra mange i butikken i Hellevik, fordi kommunen skal ta stilling til kva som skal skje med den nedlagte skulen i bygda.

Kommunalt samarbeid

Fjaler kommune og Nærbutikken Hellevik er også med på Merkur-prosjektet «Kommunen og nærbutikken», der 7 kommunar og 14 nærbutikkar samarbeider for å utvikle butikken som lokalt servicesenter.

Det blir arbeidd for å prøve ut kommunale tenester på butikken og gi nærbutikken ei rolle som kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet.