Her er Merkurs årsrapport for 2017

Ny støtteordning for dei aller minste butikkane. Utviklingstøtte til distriktsbokhandlar. Opplæring og rådgjeving til 576 nærbutikkar. Dette er nokre av stikkorda i Merkurs årsrapport for 2017.

Årsrapport 2017 collage.jpg

Merkur-programmet rapporterer til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som eigar. I tillegg til den offisielle rapporten blir det laga eit kortversjon av årsmeldinga. Her er rapporten for 2017:

LAST NED: Les rapporten som pdf

«Merkur-programmet arbeider for å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Programmet tilbyr opplæring og rådgiving slik at butikkdrivarane får auka butikkfagleg kompetanse. Programmet arbeider for å utvikle nærbutikkane til lokale servicesenter, med mange tilleggstenester. På denne måten får butikken fleire bein å stå på og lokalsamfunnet får betre tenester.

I 2017 vart det lansert ei heilt ny støtteordning for dei aller minste butikkane. 42 butikkar fekk 100.000 kr i servicestøtte, som betaling for den service dei yter til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Det vart også innført ei ordning med utviklingsstøtte til 15 distriktsbokhandlar.

186 butikkar fekk til saman 32,2 mill. kr gjennom fem ulike støtteordningar som Merkur forvaltar på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

576 nærbutikkar

576 nærbutikkar over heile landet deltar i Merkur-programmet. Dei fleste butikkane er knytt til kjedene Nærbutikken, Joker, Coop Marked, Matkroken eller Snarkjøp.

Merkur har eit nettverk med 10 konsulentar som jobbar med å utvikle butikkane gjennom opplæring og rådgiving. 50 kjøpmenn deltok i det grunnleggande kompetanseprogrammet i 2017. 410 personar deltok på Merkur sine regionale konferansar. Fleire bygdelag får kvart år hjelp til å etablere nye folkeeigde butikkar, når den gamle kjøpmannen gir seg. Dei siste ti-åra er det lagt ned få butikkar i distrikts-Norge.

68 bokhandlar

Merkur gir også hjelp og støtte til små bokhandlar i distrikta. 68 bokhandlar deltar i Merkur-nettverket. 15 av desse fekk utviklingsstøtte til tiltak som skal styrke bokhandelen som sosial og kulturell arena. Bokhandlane tek mål av seg til å bli lokale litteraturhus, med forfattar-kveldar og temamøte. Ein av bokhandlane, Nordkyn Bok og Papir i Kjøllefjord i Finnmark, vart kåra til Årets Bokhandel av Den norske forleggerforeningen.

Støtte til investeringar

Det er stor etterspørsel etter Merkurs støtteordningar. 186 daglegvarebutikkar og bokhandlar fekk tilsegn om 32,2 mill. kr i støtte til viktige investeringar i 2017. I løpet av dei fem siste åra har distriktsbutikkane fått til saman 187 mill. kr til utvikling og fornying. Dette har gjort butikkane meir attraktive og robuste – slik at dei har kunne gi eit betre tenestetilbod for folk i lokalsamfunnet.

Etterspørselen etter støttemidlar var så stor at ein måtte innføre søknadstopp i september. Tildeling av støtte vart tatt opp att i november, etter at departementet gav ei ekstraløyving på fire millionar kr.  24,3 mill. kr av støttemidlane gjekk som investeringsstøtte til daglegvarebutikkar, 2,9 mill. kr til investeringsstøtte til drivstoffanlegg og 4 mill. kr til servicestøtte til dei aller minste butikkane.

Handle lokalt-kampanje

380 butikkar deltok i ei landsomfattande kampanje for lokal handel 21.oktober, under slagordet «Handle lokalt - velg nærbutikken». Aldri tidlegare har så mange butikkar deltatt i den årlege haldningskampanjen. Butikkane takka kundane for at dei handla daglegvarene sine i bygda. Samtidig vart det understreka kor viktig butikken er, både som møteplass og servicesenter.

Kommune-samarbeid

Merkur samarbeider med kommunane om utvikling av lokalbutikkar og lokalsamfunn. Fleire kommunar engasjerer seg sterkt for å sikre framtida til nærbutikkane sine. Rømskog kommune sette opp eit nytt næringsbygg for å sikre det servicetilbodet som lokalbutikken gir.

Sju kommunar og 14 nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltar i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet «Kommunen og nærbutikken» blir gjennomført i samarbeid med Distriktssenteret og KS. Målsettinga med prosjektet er å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar slik at butikken får ei rolle som kommunes forlenga arm i lokalsamfunnet.

Offentlege innkjøp

Merkur arbeider for å legge til rette for at lokalbutikkane kan delta i konkurransar om kommunale innkjøp. Leveransar til skular og barnehagar representerer ein viktig del av omsetninga for fleire butikkar. Nærbutikken på Vassøy utanfor Stavanger fekk tilbake leveransar til skule, barnehage og SFO etter eit sterkt lokalpolitisk engasjement. Innkjøpsavdelinga i kommunen jobba aktivt for å finne ei løysing som sikra konkurranse innanfor regelverket for offentlege innkjøp, samtidig som nærbutikken fekk ein sjanse til å levere lokalt.

Distriktssenteret

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bestemt at Merkur-programmet skal bli ein del av Distriktssenteret frå og med 2019. Arbeidet med omorganiseringa er godt i gang. Det blir lagt vekt på at Merkur-butikkane skal få best mogleg service både i overgangsperioden og i den nye organisasjonen. Det er avklart at både dei tilsette i sekretariatet og konsulentane vil halde fram som i dag»

SKRIV UT: Last ned og skriv ut årsrapporten

Dette er eit utdrag av årsrapporten for 2017 som Merkur-programmet har levert til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.