Merkur-programmet i fare for nedlegging

Merkur-programmet kan bli nedlagt. Ekspertutvalet som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunane, foreslår at Distriktssenteret blir nedlagt og at fylkeskommunane får ansvaret for senteret sine oppgåver. Det kan bety at også Merkur blir nedlagt som landsdekkande tilbod for distriktsbutikkar, ettersom det er bestemt at Merkur skal vere ein del av Distriktssenteret.

Hagen utvalgets innstilling.jpg

EKSPERTUTVAL: Professor Terje P. Hagen (t.v.) har leia utvalet som har foreslått nye oppgåver til fylkeskommunane. Forslaget vart overlevert til kommunalminister Monica Mæland 1.februar.

Styret for Merkur-programmet er redd for at utkantbutikkar skal miste både fagleg hjelp og økonomisk støtte dersom Stortinget sluttar seg til forslaget frå ekspertutvalet som har vurdert framtidige oppgåver for fylkeskommunane.

Merkur-styret har formulert ei omfattande høyringsfråsegn som er sendt inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Alle som ønskjer å uttrykke si meining om nedleggingsforslaget, kan deltar i høyringa på departementets nettside. Høyringsfristen er 9.mai.

LES: Her er Merkurs høyringssvar til rapporten frå ekspertutvalet

- Dersom ein vil sikre eit likt tilbod over heile landet, bør ekspertutvalets forslag om nedlegging av Distriktssenteret der Merkur er ein integrert del, avvisast, seier styret.

Mangelfull utgreiing

Ekspertutvalet som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunane, foreslår altså at Distriktssenteret blir nedlagt og at fylkeskommunane får ansvaret for senteret sine oppgåver. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bestemt at Distriktssenteret frå 2019 skal overta ansvaret for Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar. Forslaget om nedlegging av Distriktssenteret vil dermed kunne bety at også Merkur-programmet blir nedlagt.

Utvalet gir ikkje noko grunngjeving for kvifor Merkur eventuelt skal nedleggast. Tilrådinga drøftar ikkje den rolla Merkur spelar som eiit offensivt nasjonalt kompetanseprogram. Styret meiner at dersom ein skal vurdere nedlegging av Merkur, må det vere eit minstekrav til forsvarleg sakshandsaming at det først blir gjort ei utgreiing som viser konsekvensane av eit slikt vedtak.

LES: Her er forslaget om nedlegging av Distriktssenteret - og Merkur

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har tidlegare vurdert om det er formålstenleg å flytte Merkur sine oppgåver over til fylkeskommunane. Men departementet kom til at det ville vere mest effektivt å satse på Merkur som ein spissa statleg organisasjon, med stor fagleg kompetanse og med eit tett samarbeid både med daglegvarebransjen og distriktskommunane. Etter samanslåing med Distriktssenteret vil Merkur bli del av eit større fagmiljø som arbeider med lokalsamfunnsutvikling.

Eit dårlegare tilbod

- Dersom oppgåva med å vere støttespelar for distriktsbutikkane blir flytta frå staten til fylkeskommunane, vil det gi eit dårlegare tilbod for marginale butikkar og lokalsamfunn.  Spisskompetansen på butikk- og bygdeutvikling som er bygt opp i sekretariat og hos konsulentar, vil bli pulverisert. Dersom arbeidsoppgåvene til tre tilsette i sekretariatet skal fordelast ut på ti fylkeskommunar, vil oppgåvene bli så små at det blir ingenting igjen i praksis. Nokre fylkeskommunar vil kanskje satse på utvikling av småbutikkar; andre fylkeskommunar vil mest sannsynleg ikkje prioritere dette arbeidet, skriv styret.

Merkur forvaltar i dag fem investeringsstøtteordningar til ein verdi på 34 mill. kr. Nedlegging vil kunne bety at desse støtteordningane forsvinn eller bli omgjort til generelle næringsstøtte-ordningar.

Merkur har i dag 10 prosesskonsulentar på kontrakt, frå Alta i nord til Mandal i sør. Ekspertutvalets innstilling seier ikkje noko direkte om framtida for konsulentane, i tilfelle nedlegging av Merkur. Men det er stor fare for at det tilbodet som desse konsulentane gir, vil falle bort.

Vil misse hjelp og støtte

Nedlegging av Merkur vil kunne medføre at mange utkantbutikkar mister både fagleg hjelp og økonomisk støtte. Fleire rapportar dokumenterer at ein stor del av desse butikkane har svake driftsresultat, på grunn av fråflytting, små marknader og skjerpa konkurranse frå sentrumsbutikkar. Kjøpmennene er heilt avhengig av hjelp og støtte frå Merkur for kunne utvikle butikken og gi lokalsamfunn og lokalt næringsliv eit tilfredsstillande tilbod. Butikk-kjedene er redde for at mange butikkar vil måtte avvikle drifta, dersom Merkur forsvinn.

Ekspertutvalet seier at formålet med Merkur eventuelt kan ivaretakast av fylkeskommunane dersom fylkeskommunane meiner at det er formålstenleg. Det blir også sagt at fylkeskommunane eventuelt kan samarbeide seg imellom om forvaltinga av Merkur.

- Dette er eit svært usikkert alternativ. Dersom ein meiner at det er viktig å halde opp butikktilbod og andre gode tenester i distrikts-Norge, vil det vere lite rasjonelt å først leggje ned Merkur - og deretter prøve å få fylkeskommunane til å føre Merkur vidare, uttalar styret.

«Merkur må sikrast»

- Etter samanslåinga av Merkur og Distriktssenteret synest Merkurs framtid langt på veg å vere avhengig av kva som skjer med Distriktssenteret. Dersom utvalets forslag om nedlegging av Distriktssentret blir avvist, vil det sikre eit landsdekkande og fagleg godt tilbod for distriktsbutikkar og distriktskommunar.

Dersom det blir bestemt at Distriktssenteret skal nedleggast og oppgåvene overflyttast til fylkeskommunane, må det takast grep som kan sikre at Merkur held fram som eit nasjonalt utviklingsprogram for distriktsbutikkar, avsluttar styret for Merkur-programmet.

FØLG DEBATTEN OM NEDLEGGING-FORSLAGET:

Sterk motstand mot Merkur-nedlegging (12.april)

Venstre-landsmøtet: "Merkur skal bestå" (16.april)

- Merkur må være en statlig oppgave (19.april)