Venstre-landsmøtet: «Merkur skal bestå»

Framtida for Merkur-programmet vart tema på landsmøtet i Venstre i helga. Partiet vedtok ei fråsegn om distriktspolitikk der det blir slått fast at Merkur-ordninga skal bestå.

Jan Henrik Nygård.jpg

FEKK GJENNOMSLAG: Fylkesleiar Jan Henrik Nygård i Sogn og Fjordane Venstre kjempa for Merkur på landsmøtet i Venstre.

Sogn og Fjordane Venstre fekk fullt gjennomslag for eit forslag om at landsmøtet skulle uttrykke støtte til Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar.

«Merkur-ordninga skal bestå», heiter det i vedtaket som no er ein del av regjeringspartiet Venstre sin distrikts- og regionalpolitikk.

Klart vedtak

– Det korte framlegget vi kom med, levnar ikkje noko tvil om kva vi meiner. Merkur-ordninga skal bestå, uansett kven som får ansvaret for den i framtida, seier fylkesleiar Jan Henrik Nygård i Sogn og Fjordane Venstre til Firdaposten.

Jan Henrik Nygård er varaordførar i Flora kommune og er opptatt av distriktspolitikk. På øyane utanfor Florø by er det fem distriktsbutikkar som deltar i Merkur-programmet.

Før voteringa lobbyerte delegasjonen frå Sogn og Fjordane intensivt blant partikollegaene, for å sikre at Merkur blir vidareført - uansett kva som skjer med regionreforma og overføring av arbeidsoppgåver frå staten til fylkeskommunane.

Reddar Merkur

Leiaren i Sogn og Fjordane Venstre meiner at Merkur-programmet no er redda:

- Eg ser ikkje kvifor regjeringa skulle avvikle ei ordning som blir rosa av alle rapportane som er laga om den. Ordninga vil bestå, seier Nygård til Firdaposten.

Han legg til at oppslaga i lokalmedia har vore viktig, med tanke på å synleggjere kor viktig ordninga er for lokale kjøpmenn og grendene rundt dei.

– Merkur-ordninga er eit viktig, lokalpolitisk tiltak, understrekar Nygård.  

LES: Hans-Jakob er livredd for butikken sin

Takk til Venstre

Kjøpmann Hans-Jacob Sunde ved Rognaldsvåg Landhandel i Flora er svært glad over vedtaket på Venstre-landsmøtet. Sunde har engasjert seg sterkt i diskusjonen om Merkurs framtid, etter at eit offentleg utval kom med forslag om nedlegging av Distriktssenteret som Merkur skal bli ein del av.

– Jan Henrik Nygård har gjort ein fantastisk innsats, og eg vil takke han og landsmøtet til Venstre. Eg har lenge vore redd for at regjeringa «kasta barnet ut med badevatnet», då dei først overførte Merkur-programmet til Distriktssenteret og seinare spekulerte på å legge ned dette senteret. Men no er angsten min borte vekk, takka vere Venstre, seier Sunde til Firdaposten.

– Merkur har stått fram som eit av dei mest veldrivne distriktsverkemidla når det gjeld effektivitet for kronene, legg Sunde til.

LES: Merkur-programmet i fare for nedlegging