No kan du søke om servicestøtte

Har du ein liten nærbutikk med lang avstand til neste butikk? Har du mange servicefunksjonar i tillegg til sal av daglegvarer? Då kan du søkje om støtte til kommersiell service.

Fiplingdal-landhandel.jpg

UTKANT: Fiplingdal landhandel i Nordland var ein av butikkane som fekk servicestøtte i 2017.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar innførte i fjor ei heilt ny støtteordning for dei aller minste butikkane.

LES MEIR: Servicestøtte til små nærbutikkar

Butikkar som har under 3 millionar kroner i daglegvare-omsetning, kan få 100.000 kr årleg som betaling for den service dei yter til lokalsamfunnet. No er det lagt ut søknadsskjema for 2018 på nettportalen regionalforvaltning.no.

Tre service-funksjonar

41 utkantbutikkar fekk i fjor statleg betaling for den service dei yter til lokalsamfunnet. Dei aller fleste av butikkane er lokalisert til øyer langs kysten. Halvparten av butikkane held til i Nord-Norge. Nordland har 10 servicebutikkar, medan Troms og Finnmark har  6 butikkar kvar.

LES MEIR: Desse butikkane fekk servicestøtte i 2017

Butikkar som skal få servicestøtte, må ha under 3,0 millionar kroner i daglegvare-omsetning. I tillegg må butikken vere einaste daglegvaretilbod i lokalsamfunnet og ha minst 20 km avstand til næraste butikk - eller ligge åleine på øy.

Butikkane må dokumentere at dei tilbyr minst tre servicefunksjonar, utanom sal av daglegvarer. Service-funksjonar er tilleggsoppgåver som butikken har tatt på seg i eigen regi eller oppgåver som butikken utfører for kommunen eller andre aktørar. Aktuelle servicefunksjonar kan til dømes vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service med meir.

Rapport for 2017

Butikkar som fekk støtte for 2017, må levere ein kort rapport om korleis serivicestøtta har vore med på oppretthalde butikken og servicefunksjonane før dei kan søkje om støtte for 2018.

Butikkar som ikkje tidlegare har fått servicestøtte, må ta kontakt med sin Merkur-konsulent for godkjenning av butikken før dei opprettar søknad gjennom nettstaden regionalforvaltning.no.

For 2018 er det sett av til saman 39 millionar kr til ulike støtteordningar for distriktsbutikkar. Butikkar som får servicestøtte, vil få 100.000 kr pr. år.

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året.

LES MEIR: Vilkår for støtte til kommersiell service