Nei til meir søndagshandel

Styret for Merkur-programmet avviser alle forslag om liberalisering av opningstidene på søndagar. Styret er redd for at søndagsopne daglegvarebutikkar vil føre til dårlegare lønsemd for dei fleste butikkane i distrikts-Norge og nedlegging av mange små butikkar.

Nærbutikken Holmefjord.jpg

FARE: Liberalisering av søndagshandelen er eit trugsmål mot små distriktsbutikkar. Illustrasjonsfoto

Merkur-styret meiner at opningstidene i hovudsak bør vere som i dag og at søndagen bør vere annleis enn dei andre dagane i veka.

Kulturdepartementet har invitert Merkur til å kome med innspel til den offentlege utgreiinga om søndagsopne butikkar, NOU 2017:17 «På ein søndag?», som no ligg ute på høyring.

Styret viser til den fråsegna som Merkur gav då regjeringa sitt første forslag om søndagsopne butikkar vart sendt på høyring i 2015 og står fast på at det ikkje er ønskjeleg med noko form for liberalisering av regelverket for søndagsshandel.

Dårlegare lønsemd

Institutt for bransjeanalyser (IBA) har laga ein rapport (2014) som dokumenterer kva konsekvensar det vil få for små distriktsbutikkar, dersom det blir fritt fram for handel på søndag.

Merkur-butikkane vil i gjennomsnitt få redusert sitt resultat så mykje at det er snakk om meir enn ei halvering av det vesle resultatet dei har i dag. Eventuell omsetningsvekst ved innføring av søndagsope i eigen butikk er ikkje nok til å kompensere for auka lønskostnader. Resultatet vil bli dårlegare lønsemd.

Full liberalisering av opningstidene vil kunne gi distriktsbutikkane større konkurranse fordi søndag er ein dag folk stort sett har fri og dermed kan storhandle i tettstadene.
— NOU 2017:17 "På ein søndag?"

Ei spørjeundersøking viser at ei svekking av resultatet med i gjennomsnitt nær eit prosentpoeng vil kunne få store konsekvensar for arbeidet med å oppretthalde ein butikkstruktur som sikrar mange lokalsamfunn eit godt vare og servicetilbod. Merkur-programmet fryktar derfor at søndagsopne butikkar vil medføre ei stor strukturendring i form av mange nedleggingar.

LES: Søndagshandel vil gi butikkdød

Støtte til Merkur

Den offentlege utgreiinga om søndagshandel som vart presentert for Kulturdepartementet like før jul, støttar opp under Merkur-programmets synspunkt på søndagshandel.

«Full liberalisering av opningstidene vil kunne gi distriktsbutikkane større konkurranse fordi søndag er ein dag folk stort sett har fri og dermed kan storhandle i tettstadene», blir det sagt i utgreiinga.

Utvalet meiner at det ikkje er fleirtal i befolkninga eller Stortinget for verken full liberalisering eller innstramming av opningstidene. Fleirtalet går inn for ein modell som legg vekt på å skape likare konkurransevilkår og samtidig skjerme søndag formiddag og dei store høgtidsdagane.

Fire forslag

Utvalet som står bak utgreiinga om søndagshandel, har delt seg når det gjeld konklusjonane. Fleirtalet kjem med fire forslag til endring av regelverket:  

1. Arealgrensa for daglegvarebutikkar som skal kunne halde ope på søndag, blir foreslått  auka frå 100 til 150 kvadratmeter. Butikkane vil då få same arealgrense som bensinstasjonane.

2. Alle butikkar på under 150 kvadratmeter vil etter forslaget få halde ope på vanlege søndagar mellom kl. 13 og 19 og på andre påskedag og andre pinsedag. Faghandel kunne halde ope på lik linje med daglegvarebutikkar.

3. Unntaket som gjer det mogleg for hagesenter og campingplass-butikkar å halde ope på søndag, blir foreslått oppheva. Det vil betyr at også desse butikkane må vere under 150 kvadratmeter for å kunne få selje varer på søndag.

4. Unntaket som gjer det mogleg for turiststader å halde ope på søndag, blir foreslått avgrensa til distriktskommunar. Men også desse butikkane skal halde stengt på langfredag, første påskedag, 1.mai, 17.mai og første juledag. Forskriftene som gir frie opningstider på turiststader i sentrale strøk, blir foreslått oppheva.

Nei til liberalisering

Den politiske debatten om søndagsopne butikkar har tatt seg opp etter at NOU 2017: 17 vart sendt ut på høyring i januar.

Stortinget diskutere saka 31.januar og fleirtalet røysta då for eit forslag frå Senterpartiet der Stortinget ber regjeringa om ikkje å liberalisere reglane for søndagshandel.

Kulturdepartementet har valt å halde fram med høyringsrunda, sjølv om fleirtalet i Stortinget sa prinsipielt nei til liberalisering.