186 butikkar fekk Merkur-støtte i 2017

186 distriktsbutikkar fekk 32,2 millionar kroner i statleg støtte gjennom Merkur-programmet i fjor. For første gong vart det i 2016 også gitt utviklingsstøtte til bokhandlar. Dei fem siste åra har distriktsbutikkane fått til saman 187 millionar kroner til investeringar som skal gi innbyggjarane eit betre servicetilbod.

Matkroken Mebygda_Lierne.jpg

LIERNE: Matkroken Mebygda fekk støtte frå Merkur til opprusting av butikken.

Etterspørselen etter investeringsmidlar viser at nærbutikkar i distrikta har tru på framtida og ønskjer å satse på utbygging og modernisering. Men marginane er så små at mange butikkar er avhengige av litt offentleg støtte.

Fekk ekstra midlar

Interessa for modernisering var så stor i 2017 at Merkur som fordeler midlane på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, måtte innføre søknadsstopp i september. Men då departementet stilte opp med 4 millionar kroner i form av ekstra midlar i november, kom arbeidet med behandling av søknader i gang igjen.

I 2016 vart det til samanlikning fordelt 34 millionar kroner på 181 nærbutikkar.

For 2018 er det sett av 39 millionar kroner til støtteordningane og 14,3 millionar kroner til Merkurs kompetanseprogram. Stortinget auka løyvingane med 10 millionar kroner utover det som regjeringa hadde forslått i statsbudsjettet.

Stor investeringsvilje

Fire fylke peika seg ut når det gjeld stor investeringsvilje i fjor; det var Hordaland, Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark.

Størsteparten av midlane går til opprusting av butikkane, i form av nye kjølediskar, frysarar og butikkdata. Nokre butikkar har behov for utviding eller oppussing av lokalet. Andre satsar på å byggje ut kaffikroken som ein møtestad for bygda. 14 lokalsamfunn fekk støtte til modernisering eller etablering av drivstoffanlegg i 2017.

42 av butikkane fekk 100.000 kr i såkalla servicestøtte. Dette er ei heilt ny støtteordning der dei aller minste butikkane får betaling for den servicen som dei gir til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Dei fleste av desse butikkane ligg på øyar langs kysten.

15 bokhandlar fekk mellom 20.000 og 50.000 kr i utviklingsstøtte. Dette var også ei ny støtteordning som vart innført i 2017. Formålet med denne ordninga er å stimulere til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell arena.

Sikre betre tenester

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for butikkar i distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet.

Merkur tilbyr opplæring og rådgiving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

OVERSIKT: Innvilga støtte gjennom Merkur-programmet 2017 (pdf)