Helge fekk takk frå regjeringa

Helge Schei fekk helsing frå regjeringa og takk for sin store innsats for Merkur-programmet. Kommunalminister Monica Mæland stilte opp på Merkurs siste styremøte for å streke under kor viktig Merkur har vore for butikk- og bygdeutvikling gjennom 23 år.

Helge Schei_Monica Mæland.jpg

TAKK: Statsråd Monica Mæland takka Helge Schei på vegne av regjeringa. Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Helge Schei har vore dagleg leiar for Merkur sidan etableringa i 1995. Merkur vart først lansert som eit prøveprosjekt, men resultata med å satse på butikkutvikling i distrikts-Norge var så gode at Merkur etterkvart vart ein viktig del av Stortingets distriktspolitikk.

Frå 1.1. 2019 blir Merkur ein del av Distriktssenteret (Kompetansesenter for Distriktsutvikling). Dei tre tilsette i sekretariatet i Førde har tatt imot jobb i Distriktssenteret og vil framleis jobbe med Merkur.

Helge Schei skal halde fram som seniorrådgjevar i Merkur fram til 1.november 2019, då han går av med pensjon.

På årets siste styremøte vart Schei takka av som dagleg leiar og fekk ros for sitt store engasjement for norske utkantbutikkar.

- Du etterlet deg 600 vitnemål om din innsats for distriktsbutikkane, sa statsråd Monica Mæland og viste til at Merkur i dag gir hjelp og støtte til nær 600 lokalsamfunn over heile Norge.

Statsråden gav uttrykk for at ho sette pris på at Schei ville stille seg til disposisjon for Distriktsssenteret eit år til.