Liten nærbutikk fekk pris i Agder

For ti år sidan kom Ina flyttande frå Holland til den vesle bygda Gjøvdal i Åmli. No har den vesle butikken i bygda fått pris som den beste nærbutikken på Sørlandet.

Per Kjetil Jørgensen_Hermina Lohuis_Roy Michaelsen.jpg

PRISVINNAR: Hermina Lohuis fekk pris for årets nærbutikk i Agder. Seniorrådgivar Per Kjetil Jørgensen (t.v.) delte ut prisen på vegne av Merkur. T.h. Merkur-konsulent Roy Michaelsen.

- Eg hadde aldri fått dette til utan hjelp og støtte frå Merkur og Merkur-konsulenten, sa Hermina Lohuis då ho tok imot årets nærbutikkpris på den årlege konferansen for småkjøpmenn i Kristiansand tysdag.

Prisen for årets nærbutikk blir delt ut av Merkur-programmet som er Kommunal- og moderniseringsdepartementets verktøy for å utvikle butikkar i distrikts-Norge.

Engasjert kjøpmann

Gjøvdal Handel er ein svært liten butikk, med ei daglegvareomsetning på under to millionar kroner. Dette er ein av dei aller minste nærbutikkane på Sørlandet.

Men butikken har ein kjøpmann som verkeleg står på for at den vesle bygda skal ha eit best mogleg servicetilbod. Dette er hovudgrunngjevinga for at årets pris går til Hermina Lohuis, populært kalla for Ina.

- Ditt pågangsmot og din viljestyrke til å utvikle den minste butikken i Agder, gjer deg fortent til prisen for Agder beste nærbutikk i 2018. Den minste kan være like godt vere den største, uttalte juryen som har vurdert ulike nærbutikkar.

Drivstoff og utekafé

Ina kom til Norge og til bygda Gjøvdal i 2008, saman med mann og fire barn. Ho har drive butikken heilt aleine dei siste åra. Butikken har fått på plass ny drivstoffpumpe og utekafé. Kjøkkenet står til disposisjon for sambygdingane.

No har Hermina Lohuis fått støtte frå Merkur-programmet til å bygge tak og glas rundt ute-kaféen, som er bygdas samlingstad, spesielt i den varme årstida.

Butikkbygget er eigd av bygdefolket, som også har pussa opp leilegheita over butikklokalet. Butikken har fått statleg servicestøtte for 2018, for si viktige rolle for bygdefolket.

Bygda Gjøvdal opplever stagnasjon og nedgang i folketalet. Butikken har ei utsett framtid, dersom ikkje innbyggjartalet aukar og fleire fastbuande og turistar brukar butikken som sin innkjøpsstad.

Helsing frå statsråden

Prisvinnaren fekk helsing frå kommunalminister Monica Mæland som takkar for innsatsen og gratulerer med Merkur-prisen:

- Det er viktig at folk har god tilgang på grunnleggende tjenester der de bor. Det er et viktig mål i distriktspolitikken at det skal gjelde alle deler av landet. For å få det til er Merkur-programmet viktig.

Vi vil bygge opp om det sterke lokale engasjementet flinke butikkdrivere viser, i ulike deler av Norge. Nasjonale myndigheter støtter engasjerte butikkdrivere og lokale ildsjeler, som Merkur-kjøpmenn er, helsar Monica Mæland.