Wenche har årets nærbutikk i Hordaland

Landhandelen på den vesle øya Huglo vart årets nærbutikk i Hordaland. Kjøpmann Wenche Taranger har klart å byggje opp ein butikk med sunn økonomi trass i svært avgrensa kundegrunnlag.

Helge Schei_Wenche Taranger.jpg

PRISVINNAR: Kjøpmann Wenche Taranger mottok nærbutikk-pris av dagleg leiar i Merkur, Helge Schei.

Huglabutikken mottok Merkur-programmets pris for beste nærbutikk i Hordaland på ei samling for 35 distriktskjøpmenn i Bergen tysdag.

- Denne butikken hadde aldri vore det den er i dag utan hjelp og støtte frå Merkur, sa Wenche Taranger då ho mottok diplom og blomster.

Kjøpmannen fekk også ei helsing frå kommunalminister Monica Mæland med takk for sin store innsats for butikken og bygda.

Kommunen er medeigar

Butikken på Hugla er eigd av lokalsamfunnet. Både bygdefolk, hytteeigarar og frivillige organisasjonar har gått  inn på eigarsida. Stord kommune vurderte butikken som så avgjerande for å oppretthalde busetting og næringsliv at også dei gjekk inn med aksjekapital.

Det gode samarbeidet med kommunen har fortsatt. Butikken legg ut kommunale saksdokument og planar og har ansvar for turistinformasjon.

I sommarsesongen er båtturisme viktig, og kommunen har bygd en molo like ved butikken i håp om å styrke inntektsgrunnlaget for butikken.

Underhaldning Huglabutikk red.jpg

MUSIKK: Underhaldning rett utanfor butikkdøra.

Omfattande service

Huglabutikken har tipping, drivstoff, pakkeutlevering, utkøyring av post og gjestehamn med dusj, toalett og vaskemaskin. I tillegg sel butikken lokale varer i kommisjon for ei rekkje lag, foreiningar og enkeltpersonar. Dette gjeld både bøker, trevarer, sy- og strikkeprodukt.

I den vesle, men koselege, kaffekroken blir lokale og globale problem løyst raskt og effektivt. I adventstida har butikken eigen julekalendar, der kundane får dagleg trekking av pakkar.

Julepakkar Huglabutikken.jpg

ADVENTSKALENDAR: Kundane kan vinne pakkar i førjulstida.

Butikken ligger på ei øy utan fastlandssamband, med i underkant av 100 personar. Utan butikk ville det vore tungvint å handle daglegvarer.

Planlegg ny butikk

Dagens lokale er tronge og det er ikkje lett å parkere, ettersom butikken ligg rett ved ombordkjøringa til ferja. Det blir derfor arbeidd med planar om eit heilt nytt butikkbygg, med rom for vidare vekst.

Wenche Taranger var styremedlem då butikken starta i 2007, og jobba litt som vikar dei første åra før ho overtok som dagleg leiar i 2009. Ho skal ha ein stor del av æra for at omsetninga i fjor auka med over 6 prosent. Likviditeten er sunn og eigenkapitalen er solid.