Støtte til elektroniske hylleforkantar

Merkur opnar for å gi investeringsstøtte til elektroniske hylleforkantar. Butikkar med under 7,0 mill. kroner i omsetning vil no kunne få 75 prosent støtte til kjøp av teknisk utstyr for å få elektroniske prisar på hyllekantane, under føresetnad av at dei elles oppfyller vilkåra for å få investeringsstøtte gjennom Merkur.

Elektroniske hyllekanter.jpg

DIGITAL PRIS: I løpet av få år vil dei fleste daglegvarebutikkar har elektroniske prisar på varene.

Fleire større Merkur-butikkar har dei siste åra slutta med papiretikettar med prisar på hyllekantane.  Ved å gå over til elektroniske hylleforkantar har det blitt raskare å skifte prisar på varene, samtidig som butikken kan vere meir sikker på at varene alltid har riktig pris.

Merkur har fram til i dag ikkje gitt økonomisk støtte til slike investeringar. Styret har ikkje ville prioritere elektroniske hylleforkantar framfor andre behov, i ein situasjon der det har vore knapt med midlar til støtteordningane.

Fleire butikkar har siste året bede om at Merkur må gi støtte til elektroniske hylleforkantar på lik linje med støtte til kjøl/frys, modernisering av butikken, utvikling av sosiale møteplassar og andre formål. Det blir vist til at dei store kjedene planlegg innføring av elektronisk prisstyring i alle sine butikkar i løpet av få år.

Styret for Merkur har gjort prinsippvedtak om å opne for støtte til elektroniske hylleforkantar. Men styret ser at dersom alle Merkur-butikkar skal få elektroniske prisar i løpet av eit par år, så vil det legge beslag på ein svært stor del av støttemidlane.  

Styret har derfor valt å prioritere dei små og mellomstore butikkane ved å seie at det berre skal gjevast støtte til butikkar med under 7,0 mill. kr i daglegvareomsetning og 10 km avstand til neste butikk.

Butikkar med 7-10 mill. kr i omsetning, vil ikkje få støtte til elektroniske hyllekantar. Men desse butikkane vil framleis kunne søkje om ordinær investeringsstøtte på vanleg måte.