50 millionar kroner til Merkur-programmet

– Nærbutikken er ein viktig samlingsplass i mange bygder, og avgjerande for levande lokalsamfunn, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. Derfor satsar regjeringa vidare på Merkur-programmet og løyver nær 50 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019.

Monica Mæland.jpg

«MERKUR FUNGERER»: Kommunalminister Monica Mæland gir meir pengar til Merkur, fordi det er eit treffsikkert distriktspolitisk tiltak.

Det er eit mål for regjeringa å oppretthalde grunnleggande tenester av god kvalitet i heile landet. Ein god daglegvarebutikk er eit viktig tenestetilbod, understrekar kommunalministeren.

I forslaget til statsbudsjett for 2019 blir det foreslått ei løyving på 49,7 mill. kroner til Merkurs kompetanseprogram og støtteordningane som blir Merkur administrerer på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dette er ein auke på 1,4 mill. kroner i forhold til budsjettet for 2018, då Merkur fekk tildelt ei ramme på 48,3 mill. kroner.

Distriktssenteret overtar

1.1. 2019 blir sekretariatansvaret for Merkur flytta frå konsulentfirmaet Mentor i Førde til Distriktssenteret. Som eit resultat av dette blir løyvinga til Distriktssenteret for 2019 auka med 4,4 mill. kroner. Det er same sum som i dag blir brukt til administrasjon av Merkur.

Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) får ei samla løyving på 32,7 mill. kroner i 2019. Oppgåva til Distriktssenter er å samle kunnskap om lokal samfunnsutvikling og formidle dette til kommunar og fylkeskommunar.  

God distriktspolitikk

Måla for Merkur-programmet er å styrke den butikkfaglege kompetansen, etablere fleire tenester i butikkane og fokusere sterkare på lokal samfunnsutvikling, og butikken som sosial arena. For å kome med i Merkur må butikkane oppfylle nærare definerte krav, knytt til vareutval, omsetnad, geografisk plassering og avstand til neste butikk.

– Investeringsstøtteordningane til Merkur bidreg til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønsame og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester, understrekar statsråd Monika Mæland.

– Merkur er eit godt, distriktspolitisk tiltak som verkar. Utan eit grunnleggande tenestetilbod – som daglegvarer – stoppar dei minste lokalsamfunna. Det er derfor vi vidarefører og styrker dei treffsikre ordningane som Merkur-programmet har, seier statsråden i ei pressemelding.