Vadla har beste butikk i sørvest

Coop Marked Vadla i Hjelmeland vart årets nærbutikk på Sørvestlandet. Butikken står sterkt i lokalsamfunnet og har hatt ei positiv utvikling med aukande omsetning og gode resultat over mange år.

Helene Hauge_Hanne Karin Natland_Coop Marked Vadla_Per Kjetil Jørgensen.jpg

VINNER: Butikksjef Hanne Karin Natland (i midten) tok imot butikkprisen av seniorrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet. T.v. Helene Hauge som er nestkommanderande i butikken. Foto: John Karsten Hustveit

Butikksjef Hanne Karin Natland tok imot prisen for Årets Merkur-butikk på en samling for 70 distriktskjøpmenn frå Rogaland på Hjelmeland.

Butikken i Jøsenfjorden har vore i drift i 150 år. Jubileet blir markert på fleire måtar i haust, inkludert eit stort arrangement 11.november.

Samvirkelaget på Vadla har deltatt aktivt i Merkur-programmet i over 20 år. Kjøpmann Hanne Karin Natland har vore tilsett i butikken i 30 år.

Butikken har i dag nesten hundre prosent oppslutnad frå dei fastbuande i bygda. I tillegg har butikken ei stor omsetning frå hyttekundar, pluss gjennomgangstrafikk.

I fjor kom butikken ut med ei omsetning på 5,4 mill. kroner. Det gir ein vekst på 13 prosent samanlikna med 2016. Veksten i 2018 blir også stor.

Under utdelinga vart det lest opp ei helsing frå kommunalminister Monica Mæland som takkar for innsatsen og ønskjer lykke til med prisen.

Merkur-programmet som kvart år deler ut pris til dei beste nærbutikkane, er ein del av departementets arbeid for å sikre at folk har god tilgang på grunnleggande tenester over heile landet.