2000 liker Merkur på Facebook

Merkur-programmet når fram til stadig fleire. Facebook-sida har passert ein ny milepåle: 2000 personar liker Merkur. Vi gratulerer Helen Sandaas ved Joker Fiksdal som Merkur-venn nr. 2000!

Merkur 2000 på Facebook collage.jpg

POPULÆR SIDE: Merkurs side på Facebook blir følgt av 2000 personar

Merkur har satsa sterkt på digitale medium dei siste åra. For fire år sidan vart det lansert ei ny nettside, tilpassa nettbrett og smarttelefon. Like etter vart det etablert tilbod om månadlege nyheitsbrev. Kvar veke blir det lagt ut nye oppdateringar på Facebook.

Få fram gode historier

- Merkur brukar Facebook til å fortelje om kor viktige butikkane er for framtida til bygdene. Vi ønskjer å inspirere flest mogleg til å utvikle butikken som bygdas servicesenter.  Det er viktig å få fram dei gode historiene. Her skal du kunne finne både spennande tiltak, driftige kjøpmenn og krevjande utfordringar, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen.

Den gode responsen tyder på at lesarane opplever innhaldet på Facebook som relevant og interessant. Veldig mange saker blir delt vidare. På denne måten blir bodskapen om nærbutikkens viktige rolle i lokalsamfunnet spreidd. Fleire saker har hatt ei rekkevidde på meir enn 10.000 personar.

Distriktsarbeidarar

Dei fleste som følgjer Merkur på Facebook, er kjøpmenn. Men Merkur har også mange venner blant bygdefolk som er engasjert i butikk- og bygdeutvikling. I tillegg blir Merkur følgt av både kommunale leiarar, folk i butikkbransjen, politikarar og mediefolk.

Helen Sandaas som vart Merkur-venn nr. 2000, er engasjert i arbeidet med å gjere Bygdabua eller Joker Fiksdal til ein sentral del av bygdesamfunnet. I haust har butikken gjennomført både ein omfattande marknadsdag i september og Handle lokalt-dag i oktober.  Fiksdal ligg i Tomrefjorden i Romsdal og er ein del av Vestnes kommune.

Joker Fiksdal_ Bygdabua.jpg

JOKER FIKSDAL: Det er mykje folk og stor stemning når butikken på Fiksdal arrangerer marknadsdag for bygda.

LIK OG DEL: Her er Merkurs Facebook-side