400 butikkar i lokalhandel-kampanje

400 butikkar har meldt seg på Handle lokalt-kampanjen laurdag 20.oktober. Det er ny rekord for Merkur-programmet. Aldri tidlegare har så mange nærbutikkar slått eit slag for lokal handel.

Gunn Sørum_Joker Hjelledalen.jpg

HANDLE LOKALT: Gunn Sørum ved Joker Hjelledalen i Stryn er klar for ein ny kampanjedag for lokal handel.

360 daglegvarebutikkar over heile Norge vil gjennomføre ein kampanjedag for lokal handel laurdag. I tillegg kjem 38 distriktsbokhandlar, som også er med på aksjonen.

Eit par større bygder har fått med seg mange ulike butikkar på ei felles kampanje for lokalhandel.

Det er femte året på rad at Merkur gjennomfører ein nasjonal kampanje for lokal handel for distriktsbutikkar. Slagordet for kampanjen er «Handle lokalt – velg nærbutikken». Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

Merkur oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar på kampanjedagen, for å knytte enda sterkare band mellom butikk og lokalsamfunn.

DESSE BUTIKKANE ER MED PÅ KAMPANJEN:
Oversikt 360 nærbutikkar
Oversikt 38 distriktsbokhandlar