39 mill. kr til Merkurs støtteordningar

Merkur har 39,3 mill. kroner til fordeling på støtteordningane for distriktsbutikkar i 2018. Dette er fem millionar kroner meir enn i fjor. Men det vil framleis vere vanskeleg å få unntak frå regelverket for avstand og omsetning.

Bulandet Joker-butikken m kai.jpg

MEIR PENGAR: Merkur har fått meir pengar til både kompetanse og støtteordningar. Joker Bulandet i Askvoll i Sogn og Fjordane var ein av butikkane som fekk støtte i 2017.

Styret for Merkur-programmet har bestemt seg for å halde fast på dei innstrammingane som vart gjort i fjor. På denne måten håper ein å ha nok pengar til å kunne tildele støtte for heile 2018.

I 2016 gjekk Merkur tom for midlar i november. I fjor var pengane til investeringsstøtte brukt opp i september. Men Kommunal- og moderniseringsdepartementet gav eit ekstra påfyll med fire millionar friske kroner i november.

Stortinget auka den årlege løyvinga til Merkur med 10 millionar kroner for 2018, på grunn av stor pågang etter midlar både til kompetanseprogram og investeringsstøtte.

Svært få unntak

Regelverket for tildeling av støtte til investeringar og utvikling vil vere det same i 2018 som i 2017. Det betyr at du må ha minst 10 km avstand til neste butikk for å få investeringsstøtte og minst 20 km avstand for å få utviklingsstøtte. Styret kan gjere unntak frå desse krava etter ei fagleg vurdering, men i fjor var det svært få butikkar som fekk unntak.

LES MEIR: Oversikt over støtteordningane for 2018

Ved behandling av søknad om investeringsstøtte vil eigeninnsats eller dugnad som hovudregel ikkje bli rekna inn i kostnadsgrunnlaget.

Merkur vil heller ikkje i 2018 kunne medverke til finansiering av butikkbygg, der søkjaren får maksimalt tilskot over fleire år.

Når det gjeld tilskot til drivstoffanlegg, må Merkur prioritere mindre anlegg med under 300.000 liter drivstoff.

Tre støtteordningar

Stortinget har gitt Merkur ei total løyving på 48,3 millionar kroner til kompetanseprogram og støtteordningar i 2018. Styret har vedtatt at 14,3 mill. kr av dette skal stillast til disposisjon for kompetanseprogrammet og at 34 mill. kr skal disponerast til støtteordningane. I tillegg kjem 5,3 mill. kr i form av ubrukte /tilbakeførte støttemidlar frå tidlegare år. Totalt sett vil ein dermed ha 39,3 mill. kr til støtteordningane.

Tre støtteordningar ligg no klar på regionalforvaltning.no for nye søknader. Det gjeld investeringsstøtte for nærbutikk, investeringsstøtte for drivstoffanlegg og utviklingsstøtte for nærbutikk.

Ordninga med utviklingsstøtte for bokhandel blir lagt ut seinare og vil få søknadsfrist til hausten. 

Butikkar som fekk servicestøtte i fjor, har fått 1.mai som frist til å sende rapport og søkje på nytt for 2018.