«Mor Øygardsgrend» tok prisen

Kjøpmann Jorunn Andersen ved Øygardsgrend Dagligvare i Numedal stiller opp for kundane sine og er ei eldsjel i bygda. No har butikken blitt kåra til årets nærbutikk for Østlandet Sør.

Årets butikk Østlandet.jpg

PRISVINNAR: Jorunn Andersen ved Øygardsgrend Dagligvare har fått pris for beste nærbutikk på Østlandet Sør. T.h. dagleg leiar Helge Schei i Merkur-programmet som overleverte prisen.

- Vinnaren har utvikla butikken i bygda, slik at den står fram som ein topp moderne butikk. Kjøpmannen har stort pågangsmot og sterk vilje til å lukkast. Jorunn Andersen er heile tida på søk etter å utvikle butikken vidare som ein møteplass for bygda, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Prisen for årets butikk vart delt ut av det statlege Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar på ei samling for kjøpmenn frå Østlandet på Holmsbu.

Kraftig vekst

Øygardsgrend Dagligvare – Fjellhandel er lokalbutikk for ei grend på vel 100 personar i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Butikken ligg i eit område med mange hytter og vekst i turismen. Kjøpmannen har derfor måtte utvide butikken og har sett opp eit nytt lafta bygg med plass til både butikk og selskapslokale.

Øygardsgrend dagligvare.jpg

NYBYGG: Ny butikk har gitt ein sterk vekst i handelen på Fjellhandelen på Øygardsgrend.

Nybygget har gitt ein kraftig vekst i omsetnaden, som nesten har blitt dobla. I tillegg til daglegvarer har butikken tippe-tenester og eigen «bruktbutikk» der kundane kan setje inn ting for sal. Her er også sal av lokal husflid.

Eldsjel for bygda

Jorunn Andersen har fått ord på seg til å stille opp for kundane, anten det er snakk om å passe på hytte-nøklar eller vise fram turområde.

Blomster til Øygardsgrend.jpg

- Kjøpmannen er ei eldsjel for bygda. Ho har vore god til å utnytte dei lokale moglegheitene og butikken styrkjer satsinga på reiseliv i regionen. Kjøpmannen er ei inspirasjonskjelde for andre, blir det sagt i grunngjevinga for prisen.

Merkurs prisutdeling vart følgt opp av ordførar Eli Hovd Prestegården i Nore og Uvdal som drog på butikk-besøk med blomster og kake, for å feire saman med bygdefolket.

- Det var veldig hyggeleg og vel fortent at Jorunn fekk denne prisen. Det har fått stor og eintydig positiv merksemd i kommunen vår, seier ordføraren i ein kommentar.

Butikken på Øygardsgrend har planane klare for vidare utvikling, som vil gjere butikken enno meir sentral som ein møteplass for bygda. Mellom anna det planar om eit nytt bygg med gjesterom som blir administrert frå nærbutikken.

Redigert 25.9.17