Stor etterspørsel etter Merkur-støtte

Merkur-programmet er i ferd med å gå tom for ordinære støttemidlar i inneverande år. Ved utgangen av august hadde 141 nærbutikkar i distrikts-Norge fått over 25 mill. kr i støtte til utvikling og investeringar.

Nærbutikken Røvær.jpg

UTKANTBUTIKK: Nærbutikken på Røvær utanfor Haugesund er mellom dei som har fått investeringsstøtte frå Merkur i 2017.

Det er positivt at det er stor etterspurnad etter midlar. Det vitnar om drivarar som har optimisme og framtidstru for sine butikkar.

Det har dei siste åra vore ein aukande etterspurnad etter investeringstøtte og anna økonomisk støtte til distriktsbutikkar. Det siste året har det og vorte lansert ei  ny ordning med utviklingsstøtte til bokhandlar. Vidare er det sett av inntil fire millionar kroner til den nye ordninga med servicestøtte til dei aller minste nærbutikkane.

Tidlegare år har det vore eit underforbruk av midlar innanfor dei ulike ordningane. Dei to siste åra er situasjonen snudd, og i år rekk ikkje pengane heilt fram til årsskiftet.

Det betyr i praksis at dei ordinære midlane til investerings- og utviklingsstøtte etter alt å dømme vil vere fullt ut disponert i løpet av kort tid.

Denne informasjonen går no ut til alle butikkar og støttespelarar, slik at de er klar over situasjonen, og kan planlegge ut frå dei rådande tilhøva.

Merkur vil prøve å finne praktiske ordningar for nærbutikkar som kjem opp i akutte kriser som eit resultat av havari av kjøl eller frys.  

Ordinære søknader som kjem inn etter at midlane er disponerte, må stillast i ro inntil vidare. Butikkar kan legge inn søknadar, men Merkur har ikkje høve til å behandle søknader og gje tilsegn om midlar frå rammene for 2018, før statsbudsjettet for neste år er vedteke i desember.

Merkurs kompetanseprogram med utviklingsprogram, konferansar, rådgjeving og oppfølging frå  Merkur-konsulentane er fullfinansiert og går som normalt heile året.