Merkur blir ein del av Distriktssenteret

Merkur-programmet skal bli ein del av Distriktssenteret. Kommunal- og moderniseringsdepartementet som eig Merkur, har bestemt at Distriktssenteret skal overta Merkur sine oppgåver med verknad frå 1.januar 2019. Sekretariatet for Merkur er i dag ein del av konsulentselskapet Mentor AS i Førde.

SAMANSLÅING: Halvor Holmli (t.v.), direktør for Distriktssenteret og Helge Schei, dagleg leiar for Merkur-programmet, har starta arbeidet med å slå saman dei to organisasjonane.

Departementet meiner at det kan hentast ut både faglege og organisatoriske gevinstar ved eit nærmare samarbeid mellom Merkur og Distriktssenteret.

Kompetansesenter for distriktsutvikling (KDU) som også ligg under Kommunal- og moderniseringsdepartementet, har kontor i Steinkjer, Sogndal og Sandnessjøen. Målsettinga med Distriktssenteret er å bidra til lokal og regional utvikling, ved å formidle kunnskap om lokal samfunnsutvikling til kommunar og fylkeskommunar.

LES MEIR: Dette er Distriktssenteret

Det har over mange år vore ei utvikling der Merkur, og Merkur-butikkane, har utvikla seg til å vere lokalsamfunnsutviklarar. Slik har Distriktssenteret og Merkur mykje til felles.

Stabilt fagmiljø

Det er fleire grunnar til å gjere denne endringa. Den vil vere med  å bidra til lågare driftskostnader. Samtidig meiner departementet det er klare faglege fordelar ved eit stabilt, større fagmiljø som kan utviklast vidare. Ved å samle KDU og Merkurs administrative funksjonar er det mogleg å redusere dei samla kostnadene til dette formålet.

Ei samanslåing mellom Merkur og Distriktssenteret kan gi Merkur breiare dialog med kommunane.

Distriktssenteret vil overta ansvaret for Merkur-konsulentane. Styret for Merkur skal vidareførast.

Etablert i 1995

Merkur-programmet vart etablert i 1995 og har heile tida vore knytt til dagleg leiar Helge Schei og bedriftsrådgivingsfirmaet Mentor i Førde.  Sekretariatet vart lagt ut på anbod for første gong i byrjinga av 2000-talet, og Mentor har seinare vunne alle anbodskonkurransar. Den gjeldande kontrakten går ut 31.12.2018.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Merkur og Distriktssenteret for å planlegge omorganiseringa, og slik sikre at den skjer på ein god måte. Distriktssenteret må byggje opp merkantil kompetanse og integrere arbeidet med Merkur i eksisterande organisasjon. Det er sett av god til planlegging og gjennomføring, i og med at endringane ikkje vert sett i verk før 1.1.2019.

Departementet er opptatt av at Merkur-butikkane heile vegen skal få best mogleg oppfølging og service. Det er også nødvendig med god involvering av dei tilsette i dei to organisasjonane.