Sjå Dagsrevyens sak om Merkurs servicestøtte

Småbutikkar i distrikta kan no få offentleg støtte fordi dei utfører viktige tenester for lokalbefolkninga, i tillegg til sal av daglegvarer. Dagsrevyen har besøkt øya Reksta vest for Florø og laga ein reportasje om innføring av servicestøtte.

Merkur i Dagsrevyen.jpg

DAGSREVYEN: Innføring av servicestøtte for dei aller minste butikkane fekk god plass i Dagsrevyen 2.august 2017.

TV: Sjå innslaget på Dagsrevyen (Trykk på play-knappen)

Så langt har 28 små butikkar over heile landet fått tilsegn om servicestøtte, gjennom det statlege Merkur-programmet. Ytterlegare 8 søknader er under behandling. Meir enn halvparten av butikkane held til i Nord-Norge, hovudsakleg langs kysten.

Butikkar som skal få støtte, må tilby minst tre tenester utover sal av daglegvarer. Vidare må butikken ligge på øy eller ha minst 20 km avstand til neste butikk. Årsomsetnaden må vere 3 millionar kroner.

Merkur reknar med at 40-50 butikkar kan vere innanfor regelverket for den nye støtteordninga, som vart innført i vår.

Meir enn butikk

For kjøpmann Hans-Jacob Sunde på den vesle øya Reksta i Flora kommune i Sogn og Fjordane er ei slik støtte viktig. På slike plassar er butikken mykje meir enn berre ein butikk. Den er bank, kaiteneste, offentleg informasjon, bibliotek, medisin-utlevering, avis-distribusjon - og bygda sin møteplass.

– Den store utfordringa er å halda på eit så godt tilbod som mogleg, seier Hans-Jacob Sunde til NRK.

Merkur i Dagsrevyen_Sunde.jpg

Kjøpmannen legg vekt på at butikken i Rognaldsvåg skal vere øya sin møteplass. Derfor har han ein romsleg kaffikrok, der kundane kan slå seg ned og få bite noko å bite i.

Betaler for service

Den nye statlege støtteordninga gjer at dei aller minste lokalbutikkane no kan få 100 000 kroner i årleg støtte for tenester dei yter for lokalsamfunnet.

– Vi ser at mange av dei små butikkane slit for å overleve fordi kundegrunnlaget er for lite. Men samstundes er desse butikkane viktige for lokalsamfunna. Både for dei som bur der, for lokalt næringsliv og for hyttegjester og turistar.

– Poenget med ordninga er å betale for den sørvisen som butikkane gjev lokalsamfunnet, seier seniorrådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet til NRK.

VIL DU HA SERVICESTØTTE? Her er informasjon om støtteordninga

Viktig med butikk

Kundane som NRK møtte hos kjøpmann Sunde er i alle fall ikkje i tvil.

– Utan butikken blir det tungvint, det er heilt sikkert, seier Odd Arne Solheim.

– Det er butikken som er samlingsplassen etter at skulen vart nedlagt. Butikken er hjartet på øya, seier Ingebjørg Reksten.

Kjøpmann Hans-Jacob Sunde er glad for at Merkur-programmet finst, med tilbod om både kompetanse, rådgjeving og økonomisk støtte.

OVERSIKT: Desse butikkane har fått tilsegn om servicestøtte (pr. 30.06.2017)