Bli med på Handle lokalt-kampanjen

Laurdag 21.oktober blir det ny aksjonsdag for lokal handel. Alle Merkur-butikkar over heile landet blir inviterte til å delta i aksjonen. Slagordet for nærbutikk-dagen er «Handle lokalt – velg nærbutikken

NY PLAKAT: Her er noko av det nye materiellet som er utvikla framfor årets lokalhandel-kampanje.

Kampanjen vil som tidlegare fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier seniorrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

Aukande interesse

Merkurs årlege kampanjar for lokal handel har blitt ein suksess. Stadig fleire butikkar ønskjer å delta, og kampanjen blir lagt merke til både i butikk-Norge og distrikts-Norge. Talet på deltakande butikkar har blitt dobla, frå 180 i 2013 til 375 i 2016.

- Målsettinga for 2017 er å få med minst 400 butikkar. Det må vere realistisk, seier Merkur-rådgivar Per Kjetil Jørgensen.

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen

Over 50 bokhandlar i distrikts-Norge deltok i fjor i kampanjen, for aller første gong. Merkur legg opp til kampanje både for bokhandlar og daglegvarebutikkar også i år.

Lokalt engasjement

Nærbutikkdagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen. Mange legg opp til ekstra aktivitetar i butikken. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordførar eller lokalavis på besøk.

Merkur oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar, for å knytte enda sterkare band mellom butikk og lokalsamfunn. Utan lokalt engasjement vil ikkje små bygdebutikkar kunne overleve.

Nytt materiell

Merkur tilbyr gratis kampanje-materiell i form av plakatar og ballongar. Det er også planlagt ein kampanje på Facebook, der butikkane kan leggje ut innlegg som seier noko om kor viktig det er å handle lokalt og velje nærbutikken.

- Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi halde opp levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive også for ny busetting, seier Per Kjetil Jørgensen.

Siste frist for påmelding er 20.september. Påmeldinga skjer gjennom eige skjema på Merkurs nettside.

VIL DU DELTA? Her kan du melde deg på nærbutikk-kampanjen