1500 liker Merkur på Facebook

Merkur-programmet når fram til stadig fleire. Facebook-sida passerte i dag ein ny milepæl i det at 1500 personar liker Merkur. Vi gratulerer maskinentreprenør og butikkeigar Øyvind Johansen på Storjord i Tysfjord i Nordland som Merkur-venn nr. 1500!

VENN NR: 1500: Øyvind Johansen vart Facebook-venn nr. 1500 og får Merkur-krus tilsendt i posten. Vi gratulerer!

Merkur har satsa sterkt på digitale medium dei siste åra. For tre år sidan vart det lansert ei ny nettside, som er tilpassa nettbrett og smarttelefon. Like etter vart det etablert tilbod om månadlege nyheitsbrev. Kvar veke blir det lagt ut fleire nye oppdateringar på Facebook.

- Merkur brukar Facebook til å fortelje om kor viktige butikkane er for framtida til bygdene. Vi ønskjer å inspirere flest mogleg til å utvikle butikken som bygdas servicesenter.  Det er viktig å få fram dei gode historiene. Her skal du kunne finne både spennande tiltak, driftige kjøpmenn og krevjande utfordringar, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen.

Den gode responsen tyder på at lesarane opplever innhaldet på Facebook som relevant og interessant. Veldig mange saker blir delt vidare. På denne måten blir bodskapen om nærbutikkens viktige rolle i lokalsamfunnet spreidd. Fleire saker har hatt ei rekkevidde på meir enn 10.000 personar.

Samfunnsarbeidar

Øyvind Johansen på Storjord er ein god representant for engasjerte bygdefolk, som er opptatt av både bygdeutvikling og butikkutvikling.  

Johansen driv både eit sauebruk med 50 vinterfôra dyr, maskin- og snikkarfirmaet Øyvind Johansen Maskin AS og Tysfjord begravelsesbyrå. I tillegg er eig han daglegvarebutikken Storjord Servicehandel og er medeigar i ei fiskebedrift.

- Det har aldri vore mitt mål å tene pengar på butikken. Men dersom lokalsamfunnet skal fungere, må vi ha ein lokalbutikk og ein møteplass, seier han.

Merkur-nettverk

Øyvind Johansen kunne svært lite om butikkdrift då han kom med på Merkurs hovudprogram for nokre år sidan. Læringskurva vart tilsvarande bratt.

- Den kompetansen og dei kontaktane eg fekk gjennom Merkur-nettverket, var det som berga butikken i Storjord, seier han.

Merkur-støtte til etablering av drivstoffanlegg like ved E6 har også vore ein viktig faktor for å sikre butikk-tilbodet i bygda.

LIK OG DEL: Her er Merkurs Facebook-side