Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Nærbutikk med tog-hotell
Person utanfor togvogn. Foto.
TA PLASS: Når butikken ligg i ein nedlagt jernbanestasjon, passar det godt å tilby overnatting i ei gamal sovevogn, meiner Rikard Ohlin.

Nærbutikk med tog-hotell

2. juni 2017

«Silleruds Station» er ikkje som andre nærbutikkar. Kjøpmann Rikard Ohlin tilbyr «train og breakfast», i tillegg til daglegvarer og brukskunstbutikk. Det er ein fordel å ha mange bein å stå på, når du skal drive butikk på landsbygda i Sverige.

– Nærbutikken skal vere eit «teneste-varehus». Eg ønskjer å tilby flest mogleg tenester knytt til butikken. Det er ein styrke å ha fleire bein å stå på, seier Rikard Ohlin.

Butikken på Sillerud i Värmland er ein av mange svenske nærbutikkar som har fått status som «servicepunkt». Det betyr at denne daglegvarebutikken skal fungere som offentleg servicekontor, etter avtale med Årjängs kommune.

LES MEIR: Kommunen kjøper service av nærbutikken

Kommunalt servicenav

Rikard Ohlin er ein mann som likar å tenke utanfor boksen. Då bygda Sillerud, som ligg ved E18 nokre mil aust for Halden, fekk fibernett, såg han at det opna seg for nye moglegheiter. No har kommunale tenestemenn faste kontordagar på eit rom ved butikken. Her kan den kommunetilsette ta imot besøk frå bygdefolket, samtidig som han kan jobbe med kommunale saker på pc.

Butikken på Sillerud har status som «service-nav». Det vil seie at ein pc ved butikken er knytt til ein eigen server som gir direkte kontakt med kommunen og andre offentlege etatar. Kjøpmannen kan hjelpe kundar til å få kontakt med politi, bank, apotek, forsikringsselskap, pol og ulike kommunale tenester. Kundane kan søkje om byggeløyve, bestille billettar og låne bøker på biblioteket.

– På denne måten kan vi avlaste kommunen og gi hjelp til dei som treng det, seier han.

Rikard Ohlin hjelper Gerd Wahlgren_Foto_SVT.jpg
HJELP TIL ELDRE: Gjennom servicenavet kan kjøpmannen gi hjelp til eldre og andre som har problem med å finne offentleg informasjon på nett. Foto: SVT

Får betalt for service

Ica Nära Sillerud får 40.000 kr årleg frå Årjängs kommune for si service-rolle. Butikken får også betaling for tilleggstenester som å formidle sal av apotekvarer, polvarer, tippetenester og posttenester.

Då styret for Merkur besøkte denne butikken hausten 2016, hadde han nettopp fått spørsmål om å vere vertskap for ein buss som reiser rundt for å tappe blodgjevarar.

– Det er viktig at butikken tar seg betalt for dei tenestene vi yter. Lokalbutikken treng mange bein å stå på. Dersom vi må stenge dørene, er dette det siste tilbodet på landsbygda som er ope for alle, seier Rikard Ohlin.

Vil utvikle bygda

Landhandlaren på Sillerud er levande opptatt av entreprenørskap. Butikken har overtatt den nedlagde jernbanestasjonen i bygda og kjøpmannen har fått på plass ei flott, gammal sovevogn som framleis står på skinner. Denne sovevogna blir marknadsført som «ett annorlunda litet hotel». Her kan bestille «train & breakfast» – med overnatting på toget og frukost servert i kafeen i andre etasje på stasjonsbygningen.

Sinikka Ohlin driv restaurant og kafé, med mest mogleg lokalproduserte råvarer. Denne kafeen leverer også skulemat til ein friskule i ein annan stad i kommunen. Kona til kjøpmannen har dessutan ein interiør- og presentbutikk i det staselege stasjonsbygget.

– Eg brenn for å utvikle landsbygda. Mitt mål er å gjere Sillerud til eit turistmål, med fleire tilreisande, seier Rikard Ohlin som i fjor vart kåra til den mest føretaksame i Värmland av Svensk näringsliv.

SILLERUDS STATION: Her er nettsida til den utradisjonelle nærbutikken