21 utkantbutikkar har fått servicestøtte

No får dei aller minste butikkane i distrikts-Norge betaling for den service dei yter til lokalsamfunnet. Så langt har 21 utkantbutikkar fått tilsegn om 100.000 kr i støtte gjennom Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar.

Handel på Havnnes.jpg

VIKTIG SERVICE: Små distriktsbutikkar får ekstra støtte for å sikre lokal service. Illustrasjon: Havnnes handelsted, Troms.

Etter forslag frå programstyret i Merkur vart det i vår innført ei heilt ny støtteordning for daglegvarebutikkar som har under 3,0 millionar kroner i omsetning.

Formålet med det nye støtteordninga er å oppretthalde og utvikle daglegvarebutikkar på stader med svakt kundegrunnlag.

Stor interesse

Det har vore stor interesse for den nye støtteordninga, etter lanseringa for to månader sidan. Pr. 13.juni er det gitt tilsegn om støtte til 21 utkantbutikkar. Dei fleste av butikkane er lokalisert på øyer langs kysten.

Merkur har kalkulert med at mellom 40 og 50 små butikkar vil kunne kome inn under den nye støtteordninga. Fleire søknader ligg til behandling i sekretariatet. I tillegg er det rekna med at endå fleire søknader vil kome inn i løpet av sommaren eller hausten.

Butikkar som skal få 100.000 kr i driftsstøtte, må både ha under 3,0 millionar kroner i daglegvare-omsetnad og ha minst 20 km avstand til næraste butikk eller ligge åleine på øy eller i eit veglaust samfunn.

Betaling for service

Servicestøtte er ei statleg betaling for servicefunksjonar som er viktig for at befolkning og næringsliv. Butikkar som vil søkje om servicestøtte, må dokumentere at dei tilbyr minst tre tilleggstenester som dei har tatt på seg i eigen regi eller oppgåver som butikken utfører for kommunen eller andre aktørar. Aktuelle servicefunk­sjonar kan vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service med meir.

Støtta skal bidra til å oppretthalde og utvikle butikken, slik at forbrukarar og lokale verksemder får dei tenestene dei treng.

Merkur er Kommunal- og moderniseringsdeparte­mentet sitt verkemiddel for å støtte opp om daglegvarebutikkar i distrikta.