Gode tenester for folk i utkantane

- Dei som bur i utkantane, har behov for like gode tenester som dei som bur i sentrum. Vi ønskjer å prøve ut kommunale tenester i butikk, utan at det skal bli dyrare for kommunen. Det handlar om å bruke pengane på ein annan måte, seier styreleiar Inge Ryan i Merkur-programmet.

Kommune-prosjekt gruppe.jpg

SAMARBEID: Anne Marie Sve Mandelid, Kvammen Handel, Frida Melvær, Askvoll-ordførar, Ronny Mowatt, prosjektleiar, Johann Baldurson, Nærbutikken Hellevik, Gunhild Berge Stand, Fjaler-ordførar og Linda Hovland, Hafs Utvikling, vil jobbe saman for betre tenester for folk i utkantane.

Tysdag 2.mai var 37 ordførarar, rådmenn og kjøpmenn frå Sogn og Fjordane samla på Rognaldsvåg i Flora kommune for å dra i gang eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet blir gjennomført av det statlege Merkur-programmet i samarbeid med Distriktssenteret og KS.

Kommunane Flora, Askvoll, Fjaler, Stryn, Luster og Aurland er handplukka til å vere med på prosjektet, saman med 1-3 nærbutikkar frå kvar kommune.

Målsettinga med det nye prosjektet er å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast til å utvikle ny distriktspolitikk.

Hjelp til eldre

På konferansen vart det lagt fram fleire eksempel på kommunale tenester i butikk. Fleire norske kommunar har avtalar om at lokale butikkar skal drive turistinformasjon, bibliotekteneste og formidle kommunal informasjon. Nokre butikkar driv mottaksstasjon for avfall eller er engasjert i skyss-tenester for eldre.

Mange butikkar tilbyr heimkøyring av varer. Nokre av kjøpmennene tilbyr også enkle vaktmeistertenester, som snømoking, henting av post, skifting av lyspærer.

Nokre butikkar har avtale med kommunen om at dei skal vere kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet og ha tilsyn med eldre og andre med spesielle behov. Hjelp til utfylling av skjema er også ei aktuell arbeidsoppgåve.

Slike utvida tenester kan gjere det mogleg for eldre å bu lenger heime, før flytting til omsorgsbustad eller annan institusjon.

Viktig for busetnad

På konferansen i Flora var det også formidle gode erfaringar med integrering av flyktningar på lokalbutikken. Vidare vart det fokus på butikkens rolle som næringsutviklar og kor viktig det er for butikken å ha mange tilleggstenester, utover sal av daglegvarer.

Ordførar Ola Teigen i Flora sa at nærbutikkane fungerer som lim på øyane utanfor Florø. Gode båtruter og levedyktige butikkar er føresetnaden for at det framleis bur mange folk på øyane.

Ordførar Ivar Kvalen i Luster har ni skular, ni barnehagar og ti butikkar i kommunen sin. Han var også opptatt av butikkens rolle som samlingspunkt:

- Nærbutikken er like viktig som skule og barnehage i bygdene våre, seier Ivar Kroken.

Lokale prosessar

Merkur-prosjektet «Kommunen og nærbutikken»  er sett i gong etter initiativ frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Prosjektet skal gå over 2 år og vere avslutta i 2019.

Prosjektleiar Ronny Mowatt og prosjektmedarbeidar Per Spillum skal no dra i gang lokale prosessar i dei seks kommunane, der kommune, butikk, grendelag og andre interessentar skal samarbeide om konkrete prosjekt.

LES MEIR: Tema-side om prosjektet "Kommunen og nærbutikken"