Kommune og butikk i unikt samarbeid

Seks kommunar og 11 nærbutikkar i Sogn og Fjordane skal delta i eit nasjonalt prosjekt for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet blir gjennomført av det statlege Merkur-programmet i samarbeid med Distriktssenteret og KS.

MØTEPLASSEN: Mellom 30 og 40 personar kjem til Rognaldsvåg for å delta på startkonferansen for Merkurs kommune-prosjekt. Foto: Hans Jacob Sunde

Kommunane Flora, Askvoll, Fjaler, Stryn, Luster og Aurland er handplukka til å vere med på prosjektet, saman med 1-3 nærbutikkar frå kvar kommune.

Kommunane stiller med både ordførar og rådmann på startkonferansen som er lagt til Rognaldsvåg på øya Reksta i Flora kommune tysdag 2.mai. Her kjem også kjøpmenn, rådgjevarar, forskarar og representant frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Konferansen blir leia av direktør for Distriktssenteret, Halvor Holmli.

Nye oppgåver

Merkur-programmet, som har hovudkontor i Førde, arbeider på oppdrag frå Kommunaldepartementet med å sikre folk i distrikts-Norge tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Målsettinga med det nye prosjektet er å få til tettare samarbeid mellom distriktskommunar og lokalbutikkar slik at butikken får ei rolle som kommunes forlenga arm i lokalsamfunnet.

Det er snakk om å utvikle nærbutikken som eit lokalt servicesenter, med eit variert tilbod av tenester for folk og næringsliv. Det er også fokus på butikken som møteplass, både for fastbuande, tilreisande og nye innbyggjarar med behov for integrering.

Vidare ønskjer ein å stimulere til lokalt utviklingsarbeid der butikken får ei entreprenøriell rolle som nav i eit lokalt nettverk. Til slutt kan det vere aktuelt å etablere forpliktande avtalar mellom butikk og kommune, der butikken tek på seg nye oppgåver i lokalsamfunnet på oppdrag for kommunen.

Fleire tenester

Fleire lokalsamfunn har ei relativt stor gruppe eldre. Dersom folk kan bu lenger heime i lokalsamfunnet før flytting til omsorgsbustad eller andre typar institusjonar, vil kommunane kunne spare pengar på helse- og sosialtenester.

Det også ei viktig målsetting at dei små butikkane kan få fleire tilleggstenester, slik at dei får styrkt det økonomiske grunnlaget for vidare drift. Samtidig vil dette gi betre service for folk på bygda.

Merkur-prosjektet «Kommunen og nærbutikken» vil gå over 2 år. Prosjektleiar er Merkur-konsulent Ronny Mowatt.