No kan du få servicestøtte

No kan du søkje om servicestøtte frå Merkur-programmet. Dei aller minste butikkane i distrikts-Norge kan få 100.000 kr årleg som betaling for den service dei yter til lokalsamfunnet. Formålet med det nye støtteordningar er å oppretthalde og utvikle daglegvarebutikkar på stader med svakt kundegrunnlag.

VIKTIG SERVICE: Små distriktsbutikkar er viktig for sikre lokal service. Derfor får desse butikkane ekstra støtte. Illustrasjon: Urke landhandel i Ørsta.

Regjeringa varsla i fjor haust at dei vil støtte sterkare opp om dei aller minste daglegvarebutikkane i distrikta. Vedtaket om å innføre ei ny støtteordninga kom etter forslag frå programstyret i Merkur.

No er den nye støtteordninga klar. Butikkar som oppfyller vilkåra for å få støtte til kommersiell service, kan finne eit søknadsskjema for servicestøtte på nettstaden reginalforvaltning.no.

SØK OM STØTTE: Her er informasjon og link til søknadsskjema

100.000 kr pr. år

Butikkar ­som har under 3 millionar kroner i omsetnad og har minst 20 km avstand til næraste butikk, kan få 100 000 kroner per år i driftstilskot gjennom Merkur-programmet. Støtta skal bidra til å oppretthalde og utvikle butikken, og gje forbrukarar og verksemder tenester dei treng. Ordninga gjeld for butikkar som kan tilby grunnleggande tenester på stader med svakt kundegrunnlag.

- Det er viktig for meg å understreke at støtta skal vere med å utvikle butikkane, og sikre vidare drift over tid. Eg er klar over at dei fleste butikkar av denne storleiken har eit stort innslag av samfunnsengasjement og dugnadsånd, både hjå butikkdrivarar og lokalbefolkninga, sa kommunalminister Jan Tore Sanner då han lanserte ordninga med servicestøtte.

Må tilby service

For å komme med i ordninga må butikkane oppfylle nærare definerte krav knytt til vareutval, omsetnad, geografisk plassering og avstand til neste butikk. Hovudregelen er at butikken har under 3,0 mill. kr i daglegvareomsetning, eksklusiv drivstoff, kraftfôr og gjødsel. Vidare må butikken ha minst 20,0 km avstand til neste butikk eller ligge åleine på øy eller i eit veglaust samfunn.

Servicestøtte er ei statleg betaling for servicefunksjonar som er viktig for at befolkning og næringsliv. Butikkar som vil søkje om servicestøtte, må dokumentere at dei tilbyr minst tre tilleggstenester som dei har tatt på seg i eigen regi eller oppgåver som butikken utfører for kommunen eller andre aktørar. Aktuelle servicefunk­sjonar kan vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service med meir.

75.000 kr i 2017

Butikkar som er aktuelle for servicestøtte, skal ha ein uttale frå kommunen og ei tilråding frå den lokale Merkur-konsulenten.

75.000 kr av støttebeløpet vil bli utbetalt når butikken har fått godkjent søknaden og har akseptert vilkåra i tilskotsbrevet. Butikken skal i perioden 1.januar-1.mai påfølgande år (2018) sende inn ein kort rapport om korleis serivicestøtta har hjelpt til med å oppretthalde butikken og servicefunksjonane.  25.000 kr vil bli utbetalt når denne sluttrapporten er levert. Butikken kan samtidig søkje om ny støtte for neste år.

Servicestøtte erstattar utviklingsstøtte for dei butikkane som har fått dette tidlegare. Det er ikkje mogleg å få både servicestøtte og utviklingsstøtte same år. Servicestøtta skal brukast til å dekke utviklings- og driftskostnader for butikken. Støtta skal også brukast til mindre investeringar, som fell utanfor dei nye rammene for investeringsstøtte.

SØK OM STØTTE: Her er informasjon og link til søknadsskjema