181 nærbutikkar fekk støtte i 2016

 

181 nærbutikkar fekk 34 millionar kroner i statleg støtte gjennom Merkur-programmet til investeringar i butikk eller drivstoffanlegg i fjor. Dei fire siste åra har distriktsbutikkane fått til saman 177 millionar kroner til investeringar som skal gi innbyggjarane eit betre servicetilbod.

UTBYGGING: Joker Vestsmøla fekk støtte til utviding av butikken.

- Nærbutikken er ein viktig samlingsplass i distrikta og avgjerande for levande lokalsamfunn fleire plasser, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Nærbutikkar i distrikta har tru på framtida og satsar på utbygging og modernisering. Men marginane er så små at mange butikkar er avhengige av hjelp og støtte.

Lokale service-senter

Merkur arbeider for at distriktsbutikkane skal vere lokale service-senter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, sal av drivstoff, turistinformasjon og liknande. Slike tilleggstenester gir butikken fleire bein å stå på, samtidig som folk på bygda får eit betre tilbod.

- Daglegvarebutikkar er ein viktig del av kvardagen i Distrikts-Noreg. Regjeringa er oppteken av at små butikkar vert rusta opp slik at dei kan gi eit endå betre tenestetilbod til lokalsamfunna sine. Det er eit mål å byggje opp under det sterke lokale engasjementet som butikkdrivarane viser rundt om i Noreg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Ein enklare kvardag

Interessa for modernisering var så stor i 2016 at Merkur-programmet som fordeler midlane på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, måtte innføre søknadsstopp i november.

- Det er eit hovudmål i distriktspolitikken å styrke tilgangen på grunnleggjande tenester for folk. Merkur er eit viktig verkemiddel for å gjere kvardagen enklare for innbyggjarane, gjennom eit godt daglegvaretilbod og mange tenester knytt til butikken, seier Sanner.

VIKTIG: - Merkur er eit viktig verkemiddel for å gjere kvardagen enklare for innbyggjarane i distrikts-Noreg, seier kommmunalminister Jan Tore Sanner.  T.v. kjøpmann Jolanda Tervoort ved Batalden landhandel.

Kommunalministeren har besøkt fleire nærbutikkar og han registrerer at mange butikkdrivarar er viktige samfunnsentreprenørar i sine lokalsamfunn. Nærbutikkar fungerer som eit nav i lokalsamfunnet. Dei er viktige for å skape gode lokalsamfunn, vekst og verdiskaping over heile landet.

Samspel med bygda

Merkur-programmet driv opplæring av nye kjøpmenn og aktiv bedriftsrådgjeving gjennom konsulentar over heile Noreg. Målet er at kjøpmannen skal utvikle butikken sin, i nært samspel med bygda.

Små butikkar som deltek i Merkur-programmet, har i fleire år hatt større vekst i omsetnaden enn store distriktsbutikkar, viser rapportar frå Institutt for bransjeanalysar.

Tre fylke peikar seg ut når det gjeld stor investeringsvilje i fjor; det er Nordland, Hordaland og Møre og Romsdal. Tilskota frå Merkur fordeler seg på 126 kommunar og 18 fylke.

Størsteparten av midlane går til opprusting av butikkane, i form av nye kjølediskar, frysarar og butikkdata. Nokre butikkar har behov for utviding eller oppussing av lokalet. Andre satsar på å byggje ut kaffikroken som ein møtestad for bygda. 17 lokalsamfunn fekk støtte til modernisering eller etablering av drivstoffanlegg i 2016.

OVERSIKT: Innvilga støtte gjennom Merkur-programmet 2016 (pdf)