Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Spleiselag gav bygda ny butikk
To personer utafor butikk.
NYBYGG: Det er ikkje så ofte at det blir opna splitter nytt butikkbygg i små bygder. Skjermdump: NRK

Spleiselag gav bygda ny butikk

9. februar 2017

Eidsbygda i Romsdal har fått splitter ny butikk til fem millionar kroner. Nybygget har blitt ein realitet takka vere eit spleiselag mellom bygda, kommunen og Merkur-programmet. Bygdefolket har kjøpt aksjar for ein million kroner og gjort mykje av byggjearbeidet på dugnad.

Det var ein festdag for dei 280 innbyggjarane i Eidsbygda i Rauma då den flunkande nye butikken vart opna.  Den gamle og tronge bygde-butikken gav ikkje rom for utvikling. No har bygda nord for Åndalsnes fått ein ny butikk, med tre gongar så stort areal og god plass til både kundar og tilsette.

Butikken har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Eid handelslag trur at butikken vil bli endå meir attraktiv med utvida opningstid og større vareutval.

NRK Møre og Romsdal har laga ein tv-reportasje frå butikkopninga i Eidsbygda.

SJÅ TV-REPORTASJE: Bygdefolket sikra ny butikk

– Butikken har alt å seie for oss. Hadde det ikkje vore for butikken, så hadde bygda vore død, seierein av kundane, Roe Ingvar Eide, til NRK.

Merkur-støtte var avgjerande

Folket i Eidsbygda har jobba i fleire år med butikk-planane.  Utan god støtte frå Rauma kommune og Merkur-programmet ville det ha vore uråd å finansiere ein heilt ny butikk. Eid handelslag har fått 800.000 kr i investeringsstøtte frå Merkur, fordelt på to år. Butikken har også 850.000 kr i bygdeutviklingsmidlar frå Rauma kommune.

– Det første investeringstilskotet frå Merkur var avgjerande og det som skulle til for å kunne gå i gang med byggjeprosjektet, seier nestleiar i styret for handelslaget, Jørn Ole Skiri, til Åndalsnes Avis.

Bygdefolket har gått saman om å etablere eit eigedomsselskap for det nye bygget. Aksjekapitalen på ein million kroner er fortelt på knapt 100 aksjonærar. Fleire av aksjonærane er busett andre stader, men har tilknyting til Eidsbygda og ønskjer å støtte opp om lokalbutikken.

Merkur-konsulent Stig Olson har vore rådgjevar for butikken og bygda i samband med etableringa av folke-aksjeselskapet.

Viktig for kommunen

Rauma kommune har støtta aktivt opp om butikken gjennom utviklingsselskapet Nordveggen AS, der kommunen og det lokale næringslivet samarbeider. Når kommunen jobbar for å byggje opp Åndalsnes og Rauma som eit reisemål for turistar, er det viktig å ha eit servicetilbod som kan gi lokal verdiskaping.

– Joker Eidsbygda fyller ein viktig funksjon for Rauma. Dette er ein butikk vi har lagt merke til i kommunen vår, ved at den tenkjer utvikling og overleving. I tillegg til å vere ein daglegvarebutikk, har den også ein viktig funksjon som møteplass og for det sosiale livet i bygda, skriv prosjektleiar Solveig Brøste Sletta i Nordveggen.

Håper på ringverknader

Det er inga gullgruve å drive ein nærbutikk i distrikts-Norge. Utan omfattande dugnadsinnsats ville det ikkje ha vore mogleg å reise eit nytt butikk-bygg. Dei siste månadene har frivillige i Eidsbygda tatt på seg veldig mykje praktisk arbeid.

– Butikken er samlingspunktet i bygda, og det er langt til neste butikk. Det er veldig viktig at folk har ein plass å gå til, både for å handle og samlast. No håper vi at butikken vil gi ringverknader ved at fleire vil busetje seg her. Eidsbygda er ein kjempefin plass, seier Ruth Marianne Bliksvær til NRK.

Det er heller sjeldan at det blir opna splitter ny butikk i små bygder. Mange stader er det ein dagleg kamp å halde opp omsetnad og lønsemd, når folketalet går nedover og gjennomsnitts-alderen går oppover.

– Heilt ny butikk er ikkje så ofte vi opnar. Det er nokså unikt for området her å få ein heilt ny butikk, seier driftsleiar i Joker, Hallvor Asphol, til NRK.