Tine innfører gebyr for småbutikkar

Tine har innført eit nytt leveranse-gebyr på meieriprodukt. Små distriktsbutikkar vil med dette få ein ekstra kostnad på rundt 10.000 kr årleg. – Tine bør tenkje seg om to gonger. Alternativet for oss er å gå over til Q-meieriene, seier kjøpmann Ole Svanøe.

Ole Svanøe.jpg

REAGERER: Kjøpmann Ole Svanøe reagerer sterkt på Tines nye gebyr på levering av meieriprodukt.

Det nye gebyret for levering av meieriprodukt frå Tine vart innført med verknad frå 1.februar. Etter dette må butikkar som får leveransar på under 1500 kr, betale eit gebyr på 100 kr pr. leveranse. For leveransar på under 1000 kr, kjem det eit gebyr på 150 kr.

Kjøpmann Hans-Jacob Sunde i Rognaldsvåg i Flora kommune reagerer sterkt på det nye gebyret:

- Dette betyr i praksis at den fortenesta vi skulle hatt på meieriprodukta, går til å betale gebyr til Tine, seier han til avisa Firda.

Må ha ferske varer

Hans-Jacob Sunde får opptil tre meieri-leveringar i veka til øysamfunnet utanfor Florø. Men eit gebyr på hundre kroner per levering, må han ut med 10-15.000 kroner ekstra i året.

Han kan spare gebyr ved å gå over til færre og større bestillingar. Men det er inga god løysing. Då vil kundane oftare finne meieriprodukt med dårleg dato, og butikken vil oppleve meir svinn.

- Vi er dimensjonerte for lokalsamfunnet på ei lita øy. Om eg står utan varer når det kjem kundar, er vi veldig sårbare. Kundane handlar heller på fastlandet, om dei ser at butikken berre har gammal mjølk, seier Sunde.

Gir dårleg goodwill

På naboøya Svanøy trur handelsmann Ole Svanøe at innsparingane til Tine vil slå tilbake på selskapet.

- Som gammal bonde og samvirkemann, vil eg seie at Tine bør tenke seg om. Samvirket har eit godt renommé og brukar millionar av kroner på reklame for å halde på det. Eg trur faktisk at pengane desse leveringane kostar, får dei mange gongar igjen i form av goodwill frå folk, seier Svanøe til Firda.

Alternativet til færre og større leveringar er å gå over til Q-Meieriene. Dei leverer meieri-varene saman med dei andre varene butikkane uansett skal ha. For Nærbutikken sin del er det ASKO som står for leveringa.

- Kan du som samvirkemann vurdere noko slikt?

- Eg må tenke på inntening. Eg kan ikkje ta omsyn til samvirket om eg skal få endane til og møtast, seier Svanøe.

Kariann Ekren sit i kjøpmannsrådet i Norges-Gruppen, som har mellom andre Nærbutikken og Joker. Ho seier at det kjem mange meldingar frå frustrerte kjøpmenn om det nye gebyret.

Tine beklagar

Tine opplyser til Firda at 4.400 av 155.000 ordrar var på under 1500 kr i fjor. Desse småordrane kostar ein del i form av vareplukk, logistikk og fakturering. Det nye gebyret er innført for å dekke inn desse kostnadene.

- Har Tine eit ansvar for å halde liv i distriktsbutikkane?

- Reint formelt har Tine ikkje ansvar for å halde liv i verken butikkar eller anna. Tine er ein del av Distrikts-Norge med eigarar og meieri over heile landet. At det er vitalt liv i norske distrikt er derfor også svært viktig for Tine. At dette råkar butikkar, kioskar og bensinstasjonar med lågt ordrevolum, er noko vi beklagar, seier Tine til avisa Firda.

- Vi ønskjer at Tine sine produkt er tilgjengelege for norske forbrukarar over heile Norge. Samtidig må Tine ha ein økonomisk berekraftig transport, og også ta omsyn til distrikta gjennom å redusere utslepp, legg Tine til.