Mindre pengar til Merkur-støtte

Merkur har mindre pengar til nærbutikkane i 2017 og må derfor stramme inn på investeringsstøtte-ordningane. Hovudreglane for avstand og omsetning blir ikkje endra, men det vil bli vanskelegare å få unntak frå reglane ved bruk av skjønn.

Eidsfoss landhandel.jpg

INNSTRAMMING: Merkur må prioritere tøffare når det gjeld tildeling av investeringsstøtte for 2017. (Illustrasjonsfoto)

Butikkar som har over 10,0 mill. kroner i daglegvare-omsetning, vil ikkje lenger kunne få investeringsstøtte frå Merkur. Det vil heller ikkje vere mogleg å få finansiert butikkbygg, ved å satse på maksimalt Merkur-tilskot over fleire år.

Når det gjeld tilskot til drivstoffanlegg, må Merkur prioritere mindre anlegg med under 300.000 liter drivstoff.

10 mill. kroner mindre

Stortinget har løyvd 37,3 mill. kr til Merkur-programmet for 2017, det er det same som for 2016. 26 millionar kroner av dette skal brukast til investeringsstøtte-ordningane, resten går til kompetanse-programmet.

I fjor fekk Merkur overført ytterlegare 8 millionar kroner, som ubrukte midlar frå tidlegare år. For 2017 er der berre 3 millionar kroner som kan overførast. Det betyr at Merkur har 5 millionar kroner mindre til disposisjon enn ein hadde i 2016.

I tillegg er det etablert to nye støtteordningar (servicestøtte og bokhandel-støtte) som må finansierast innanfor den same ramma. Dette betyr at Merkur vil ha 10 millionar kr mindre til disposisjon for dei «gamle» støtteordningane i 2017, samanlikna med dei midlane som var tilgjengeleg i 2016.

Vil gå tom for midlar

Styret for Merkur har drøfta korleis ein skal møte denne krevjande situasjonen. Dersom Merkur praktiserer regelverket for støtteordningane på same måte som i 2016, vil ein gå tom for midlar tidleg på hausten.

Styret meiner det er nødvendig med ei tøffare prioritering for å unngå å kome i ein slik situasjon. Hovudreglane for avstand og omsetning skal ligge fast, men ein skal vere strengare med å gjere unntak frå regelverket når det gjeld omsetning (såkalla unntakssaker).

Slik vil søknadene bli vurdert og handsama  i 2017:

  • Butikkane må ha ei daglegvare-omsetning på under 10 mill. kr eks mva, ekskl. drivstoffog kraftfôr/gjødsel, for å få tilsegn om investeringsstøtte. Det skal ikkje lenger gjevast unntak frå denne regelen.
  • Det skal framleis kunne brukast fagleg skjøn ved vurdering av søknader frå butikkar som ikkje oppfyller kravet om 10 km avstand til neste butikk (unntakssaker).
  • Ved behandling av søknader om investeringsstøtte, skal eigeninnsats/dugnad som hovudregel ikkje reknast inn i kostnadsgrunnlaget. For dei minste butikkane i dei mest sårbare samfunna kan dette likevel vurderast.
  • Merkur vil i utgangspunktet ikkje kunne finansiere kjøp av butikkbygg, der søkjaren får maksimalt tilskot over fleire år.
  • Små butikkar som får servicestøtte, skal kunne få investeringsstøtte på lik linje med større butikkar.
  • Drivstoffanlegg med salsvolum på under 300.000 liter pr. år vil bli prioriterte ved tilsegn om støtte til drivstoffanlegg.

Ytterlegare innstrammingar kan bli aktuelle seinare, dersom styret ser at det er nødvendig.

Sist revidert: 8.2.2017