Merkur-konsulent i Agder

Roy Michaelsen har fått kontrakt med Merkur-programmet for ein ny fire-årsperiode. Michaelsen får ansvar for Merkur-butikkane i Agder.

Det var stor interesse for å jobbe som statlege Merkur-konsulentar, då oppdraga vart lyst ut i vår. Merkur fekk 15 anbod frå rådgjevarar som ønskte å arbeide med utvikling av distriktsbutikkar.

To kvalifiserte bedriftsrådgjevarar leverte inn anbod på oppdraget som Merkur-konsulent i Agder. Styret valde i første omgang å tildele kontrakten til ei ny rådgjevar, men etter klagebehandling og ny vurdering fekk Roy Michaelsen fornya sitt engasjement.

Roy Michaelsen har vore varehandelkonsulent sidan 1985 og har vore engasjert som Merkur-konsulent i Agder sidan etableringa av Merkur i 1995.

Merkur har no desse ti konsulentane:

Finnmark og Nord-Troms: Elisabeth Gamst Mathisen
Troms og Nordland nord: Ole Svedenborg
Nordland sør og Namdalen: Line Tellemann
Trøndelag og Nordmøre/Romsdal: Stig Olson
Sogn og Fjordane/Sunnmøre: Ronny Mowatt
Hordaland: Per Spillum
Rogaland: Lars Helgeland
Agder: Roy Michaelsen
Østlandet sør: Hallvard Christenson
Østlandet nord: Vigdis Myhre Næsseth

Merkur er organisert med sekretariat hos konsulentfirmaet Mentor AS i Førde og 10 regionale konsulentar på åremålskontrakt. Oppdraga blir lyst ut gjennom open anbodskonkurranse kvart fjerde år.

Hovudoppgåva for ein Merkur-konsulent er å drive kompetanseheving for eigarar av daglegvarebutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge. Konsulenten skal også drive oppfølgingsarbeid og arbeide for å tilføre butikkane tilleggsfunksjonar som kan medverke til å betre butikkens lønsemd.

Konsulenten skal vidare sette i gang tiltak for å betre samarbeidet mellom butikken og lokalsamfunnet rundt. Endeleg skal han delta i arbeidet med å forvalte ordninga med investeringsstøtte til utkant-butikkar.

Merkur organiserer eit nettverk med 580 daglegvarebutikkar og 50 bokhandlar og jobbar på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.